fredag 9. november 2012

Naturbasert turisme 2



Klatring på Via ferrata i Frankrike

Når friluftlivsklassen var i Frankrike på studietur 14 - 24 oktober var undervisning i form av studenttema ein del av opplegget. Sidan klatring, vandring i canyon og via ferrata var hovudgunnane til denne reisa passa det bra å ta opp tema kring naturbasert turisme. Klassen vår budde på campingplass og deltok i aktivitetar i naturen. Dreiv vi då med naturbasert turisme?


Vandring i Canyon


Naturbasert turisme blir definert av Mehmetoglu (2007) som «opplevelser /aktiviteter som er direkte avhengig av naturen». Dette er ein alternativ form for turisme som er oppteken av vern av miljø, tek hensyn til natur og kultur og gir noko igjen til lokalbefolkninga, i motsetning til masseturismen. I tillegg skal den vere  bærekraftig, som betyr at ressursbruken skal vere i takt med notidas og framtidas behov (Mehmetoglu, 2007) Naturbasert turisme kan vere alt frå folk som reiser til Hurrungane for å gå på topptur til turistar som tek seg ein dukkert for å kjøle seg ned.




Den naturbaserte turisten skil seg frå masseturisten på fleire område, motiva er noko annleis. Ein naturturist søkjer nye opplevingar og læring, reiser til fjernare strøk, vil ha kulturell- og fysiske naturoppleving, ønskjer å bli kjend med lokalbefolkninga og legg igjen penger i lokalsamfunnet dei besøkjer (Mehmetoglu, 2007). Ifølge Tangeland (NINA, 2012) er den typiske forbrukaren ein ung mann med lang utdannining, høg inntekt, er risikovillig, medlem av ein fritidsorganisasjon og har tilgong på fritidsbolig. Dei mest populære aktivitetane er å besøke nasjonalparker, fotturar, vassbaserte aktivitetar og generelt nyte naturen (Mehmetoglu, 2007). 


Bruk av gammal bruksbåt. Kultur -og naturoppleving.

I Noreg er mesteparten av turismen dreidd kring naturen. Det totale naturturismeproduktet består av attraksjonar og miljø, fasilitetar og tjenester, overnatting, pris og image. Det spesifikke naturturismeproduktet er attraksjonar, som er den viktigaste grunnen til at personar vel eit reisemål. Attraksjonar kan vere mykje forskjelleg, men vi kan dele det opp i tre ulike kategoriar: naturbaserte attraksjonar som er basert på ulike element av naturen., kulturbaserte attraksjonar som er basert på menneskelege aktivitetar og spesielle attraksjonar som er kunstig laga (Mehmetoglu, 2007). Her er det berre å velje etter interesse!


Stimerking kan vere tilrettelegging for
 turistane og slik unngå
overflødig slitasje på jordsmonnet.

Omgrepet naturbasert turisme innheld eit stor spekter av opplevingar, produkt og aktivitetar (NINA, 2012). Kanskje det er derfor det er denne forma for turisme som veks raskast idag? Folk ønskjer å få mykje igjen for pengane, dei søkjer kvalitet og set større krav til reisa si. Det store fokuset på miljøet vårt har nok også set sit preg på denne veksten. Om vår klasse var på naturbasert reise? Ja så absolutt. Vi var avhengige av naturen for å kunne gjennomføre aktivitetane vi ønskte.


Kilder:

Mehmetoglu, M (2007). Naturbasert turisme. Fagbokforlaget, Bergen.

NINA (2012). Startside. Aktuelt. Atrikkel. Naturbasert reiseliv - Hvem kjøper hva og hvorfor (Internett). Tilgjengeleg på http://www.nina.no/Aktuelt/Artikkel/tabid/945/ArticleId/1708/Naturbasert-reiseliv-Hvem-kjoper-hva-og-hvorfor.aspx. (Besøkt 9 november 2012)

Undervisningsfasar



10 - 12 oktober skulle eg og Jørgen prøve oss som vegleiarar. Iløpet av desse tre dagane skulle vi ha ansvar for seks elevar frå første- og andreåret på idrettsstudiet. Vi stod for heile turopplegget ang planlegging av tur og gjennomføring. I tillegg skulle vi ha nokre læringsmål som skulle oppnås på turen. Når ein skal ha med ei gruppe på tur, ein tur som også inneheld "undervisning", er val av undersvisningsmetode viktig. Ein slik tur består av tre fasar: planleggingsfase, gjennomføringsfase og til slutt ein evalueringsfase (Priest and Gass, 2005).


Planleggingsfasen er svært viktig og kan vera avgjerande for turresultatet. Her har ein som vegleiiar stor innflytelse på undervisninga  og gruppas læringsutbytte. Viktige moment er kvar og korti turen skal gjennomførast, kven skal vere med, kva ein skal gjere, korleis ein skal gjere det og kvifor (Priest and Gass, 2005). Dette kan planleggast aleine eller ilag med gruppa. Set deg gjerne personlege mål med vegleiaroppgåva, gjer deg kjend med området du skal på tur i, bevisstgjer deg læringssituasjonar og gjer deg kjend med gruppa. Dersom ein er godt forberedt gir det overskot, tryggleik og sjølvtillitt (Horgen, 2010).

Kor skal vi gå?

I sjølve gjennomføringa av turen er det viktig å ta gode val for å fremme læring og gode opplevingar. Det er viktig å vere våken for situasjonar som kan oppstå undervegs og bruke dei der og då som eit læringsmoment. Alternativt kan ein sjølv skape situasjonar og gjere ulike endringar av opplegget. Elles er det viktig at ein som vegleiar passar på at alle trivast og har overskot, og at alle i størst mogleg grad er aktivisert (Horgen, 2010)! Som instruktør må ein også tenke over leiarstilen sin, der ein kan velje å vere autoritær, abdikatisk eller demokratisk (Priest and gass, 2005). Det beste er å kombinere desse stilane avhengig av situasjon.

Formidling av morgondagens plan slik at
deltakarane er forberedt.

For å skape bevisstgjering rundt situasjonar med læringspotensial, og vidare reflektere over kva ein lærte av dei og korleis situasjonen blei takla, er evaluering lurt. Dette kan ein gjere under kveldssamlinger der kvar enkelt får komme med sine tankar og synspunkt. Då er det viktig at vegleiar har tenkt igjennom moment som må komme fram iløpet av samtalane (Horgen, 2010). Når turen er ferdig bør ein evaluere turen samla sett. Slik kan ein igjen bli meir bevisst over det ein har vore gjennom. I tillegg er det ein utmerka måte å få fram kva som var bra med turen og kva som bør forbedrast eller endrast til neste gang. 


Samle deltakarane og skape gode samtalar
under høvelege forhold.

Denne turen har vore veldig læringsrik. Vi har vore gjennom tre desse fasane fleire gonger før, men då som deltakar. Å planlegge ein tur for andre var nytt, og det skapte større bevisstheit rundt viktigheita av desse tre fasane. Sjølv følte eg og Jørgen at turen blei svært vellykka, noko også deltakarne sa under sluttevalueringa. Alltid ha ein plan klar, samstundes som ein alltid må vere klar for endringar eller impulsar. Alltid vær våken for alle situasjonar. Men det viktigaste er at alle føler seg trygg, har det bra, får gode opplevingar og sit igjen med ny lærdom! 


Kilder:

Horgen, A (2010). Friluftslivsveiledning vinterstid. Høyskoleforlaget, Kristiansand.


Priest, S and Gass, M.A (2005). Effective Leadership in Adventure Programming. Human Kinetics.




fredag 14. september 2012

Naturbasert turisme



10-13 september tilbragte B3 Friluftslivsklassen på Solund. Solund er eit flott mål for folk som vil oppleve kystkultur og opplevingar knytt til det. Bakgrunnen for denne turen var fokus på gammal båttradisjon og meir moderne kajakkpadling. Naturbasert turisme er eit læringsmoment vi skal gjennom dette semesteret, noko vi hadde undervisning i om kveldane.  Men kva meinast eigentleg med begrepet naturbasert turisme?

At folk er meir på reis idag enn før er kjendt. Som resultat av dette er det utvikla nye turismeaktiviteter (Mehmetoglu, M., Abelsen, B., 2004). Masseturisme fungerar som eit kommersielt konsern, har ofte ein stor einheit, har ein omfattande organisasjon og krev store investeringar. Alernativ turisme har ein meir heimleg industri, er ofte ei sekundær inntektskilde til ei hushaldning, er ofte familiebedrifter og krev mindre investeringar. I tillegg er det her ulike prinsipp basert på ein bærekraftig utvikling(Mehmetoglu, 2007). Naturbasert turisme tilhøyrer den siste kategorien.

I naturbasert turisme er det naturen som spelar den viktigaste rolla i reiseopplevinga. Men om naturen er primærgrunnen eller kun er ein komonent på valt turmål varierar ( Mehmetoglo, Abelsen, 2004).

 Mehmetoglu og Abelsen (2004) skriv at Valentine (2002) foreslår ein tredeling av aktivitet og oppleving innan naturbasrt turisme:

1. Opplevingar som er avhengige av naturen: her reiser turistane til ein destinasjon grunna naturen. Det kan vere økoturistar som reiser for å studere lanskap, plante-og dyreliv; eventyrsøkande på ski og fjelltur eller kulturinteresserte som søker kulturelle opplevingar i naturen (Mehmetoglu, 2007)
2. Opplevingar som er utvida av naturen: Her er ikkje naturen hovedgrunnen til at folk vel å reise til destinasjonen, men der naturen er med på å gi ein ekstra dimensjon (Mehmetoglu, Abelsen, 2004). Dette kan til dømes vere camping, klatring eller fallskjermhopping.
3.Opplevingar der naturen spelar ei tertiær rolle: Dette kan vere sol-og badeferiar. Sjølv om dette ikkje i utgangspunket blir sett på som naturbasert turisme, er denne ferietypen faktisk avhengig av naturen.

 
 
Natubasert turisme er eit svært vidt begrep, og her finst mange inndelingar og definisjonar på kva det innebærer. Ved å sjå på kor stor grad opplevingane er avhengige av naturen prøver ein å definere naturbasert turisme.Ein kan også sei at naturbasert turisme tilhøyrer masseturismen, der stadig fleire tradisjonelle turistar ønsker innslag av naturbaserte aktivitetar i ferien sin (Mehmetoglu, Abelsen, 2004). Dersom naturen er ein del av reisa er den ein form for naturbasert turisme.



Kilder:

Mehmetoglu, Memet (2007). Naturbasert turisme. Fagbokforlaget. Bergen.

Mehmetoglu, Memet., Abelsen, Birgir (2004). Markedsinformasjon om naturbaserte turister.
Landsdelsutvalget for Nord-Norge og Nord-Trøndelag, Norut NIBR Finnmark.





 
 

torsdag 6. september 2012

Klatring: Borebolta klipper vs naturleg sikra klipper.




 
Då var eit nytt semster starta, og B3 friluftsliv er igong med faget klatring og naturbasert turisme. Veke 35 var vi på klatrefeltet Kvam i Sogndal og hadde klatreundervisning. Her fekk vi kjennskap til ulike klatreformar vi kan bruke for å komme oss opp tilrettelagte klippeveggar på. Vi fekk prøve leding ute på klippefelt med borebolta ruter og på naturleg sikra ruter. La oss sjå på kva som skil dei to ulike klatreformane.
 
 
Ei borebolta rute ute har mykje til felles med ein klatrevegg inne. Her treng ein ikkje leite etter naturlege sikringslinjer i fjellet, det er nemleg fastmontert boreboltar i fjellet, ekspansjons -eller limbolter (Tronstad, 2005). Borebolting blir og kalla "sportsklatring" grunna friheita til uhemma bevegelsar og eit stort sett bekymringslaust sikringsarbeid (Tronstad, 2005). Det ein treng med seg av utsyr opp veggen er kortslynger som klippast inn på borebolten i eine enden, og tauet i andre.
 
 
 



Klatring på naturleg sikra fjell var den første klatreformen som oppsto. Her må en klatre langs naturlege sikringslinjer i fjellet (Grimeland, 2004), og det er fjellet som stiller betingelsane (Tronstad, 2005). Dersom det er riss, sprekker, utspring eller likande i fjellet som kan brukast til å setje sikringsmiddel i finst det klatremoglegheitar. Utstyr vi treng med oss opp veggen, i tillegg til kortslynger, er ulike sikringsmiddel for å kunne setje mellomforankringar. Her blir slynger, kiler og kamkiler mest brukt idag.
 



Skillet mellom desse to klatreformane er stort. Med borebolta ruter treng ein kun kobla karabiner og tau innpå, og så er ein trygg. Ved naturleg sikra klatring skal ein setje sikringsmiddela sjølv, og må avgjere kor sikkert kvart sikringsmiddel er (Tronstad, 2005). Dette tek ofte tid og krefter, spesielt for "uerfarne". Klatring på naturleg sikra klipper krev ekstra god psyke, gode vurderingar og ferdigheitar, og eit endå større fokus på sikkerheit. Men dersom du blir god på dette utvider det klatremoglegheitane dine enormt, og du kan nesten klatre kor som helst. Dei fleste som startar klatrekarrierane sine idag byrjar på borebolta ruter. Mange ønskjer å få gode klatreferdigheitar før ein byrjar med naturleg sikring, logisk nok.






Kilder:

Grimeland, Geir (2004). En historie om klatring i Norge 1900-2000. Fagbokforlaget, Bergen.
Tronstad, Stein (2005). Innføring i klatring. Akilles, Oslo.

mandag 28. mai 2012

Mat på tur



Vårskitur på Jostedalsbreen i slutten av mai er noko alle med sans for ski burde gjere. 22 mai tok  b2 friluftslivsstudentane i Sogndal på seg sekken og la avgårde oppover Stordalen og Småttene, og endte opp i Gjerde 24 mai. Med varmerekordar i landet blei dette ein kanonbra tur, der Lodalskåpa var ein av toppane me gjekk innom. Men med dagsmarsjar på 10 timar er det viktig med nok mat og lett sekk. Ein slik tur krev dermed litt planlegging kring mat og ernæring.

Når ein ønskjer lettast mogleg sekk men samstundes mest mogleg enærgirik mat, er det dumt å pakke med seg eit kilo med gulerøtter. Dette gir berre stor vekt og null energi. Under ein slik tur blir energiforbruket vårt mykje større enn det vanlegvis er grunna det auka fysiske aktivitetsnivået. Då treng vi mykje energirik mat. Når ein skal pakke mat til ein slik tur, må ein ta med seg mat som veg minst mogleg samstundes som det har mest mogleg energi. I tillegg vil det vere lurt å ha med seg såkalla "maulepose" som innhelehd rask energi.

Ved måltidplanlegging må ein tenke på to ting: at den har lav vekt, og at den er enkel og rask å tilbrede (Horgen, 2010). La oss sjå på eksempel på mat:

Frukost: Havregraut. Blandt for eksempel havregryn, rosiner, linfrø, solsikkekjerner, aprikos, sukker, kanel, litt salt og tørrmelk i ein pose. Då er det berre til å tilsetje varmt vatn på tur og frukosten er klar. Her får vi ein fin samansetning av karbohydrster og byrjar dagen med eit stabilt blodsukker (Horgen, 2010). Del gjerne opp i porsjonar før tur.

Loganbrød
Lunsj: Her kan Loganbrødet anbefalast (oppskrift Loganbrød ++). Det smakar godt, samstundes som det innheheld mykje energi! Suppeposar/rett i koppen, nudlar eller potetmos og makrell funkar og fint. Uansett er det viktig å tenke over at ting gjerne kan fryse dersom det blir kaldt på natta, og ikkje vel mat som fort blir dårleg.

Middag: Dette er dagens høgdepunkt. Å kunne komme til leir og gle seg til middag er viktig. Her kan frysetørka retter som "real turmat" vere gode alternativ, men dei er ganske dyre for eit studentbudsjett. Dersom du har tid er det ingen fare med å tørke maten sin sjølv. Ellers er gryterett-posar fine. Steik gjerne kjøt på forhånd for å korte ned på tida på tur. Tilsett gjerne rikeleg med vatn i i middagen for å halde væskebalansen i hevd (Horgen, 2010).

"Maulepose": Dette er ein pose som inneheld mykje rask energi. Her er det kun smak og fantasi som set begrensingar. Bland saman sjokolade, nøtter, rosiner, tørka frukt, smågodt osv. Ha gjerne salte nøtter for slik å unnga salttap, spesielt dersom det er vårskitur der ein kanskje svettar eindel.  Denne posen har ein alltid tilgjengeleg for slik å heike tida fylle på energilagera til neste måltid. Og husk, denne går fortare tom enn ein skulle tru!

Husk alltid at ein blir svært svulten når ein er ute i frisk luft og er i mykje aktivitet. Her går det mykje meir mat enn vanleg! Dei fleste friluftslivsstudentane på denne Jostedalsbreturen blei overraska over turens energibehov. Dei fleste måtte av den grunn rasjonere på mat under turen, vi hadde med for lite. Ta alltid med litt meir enn du trur du treng! I tillegg er det ekstremt viktig å få i seg nok væske. Ein god regel er å alltid drikke litt, helst før ein eigentleg er tørst.  Ifølge Olympiatoppen skal ein drikke 2-3 liter om dagen berre for å dekke væskebehovet utanom trening ( Hollekim, 2010)! Alle vil etter litt erfaring finne ut kva som fungerar best for seg sjølv. God planlegging gir gode opplevingar!





Kilder:

Hollekim, S, M (2010). Når du er tørst kan det vere for sent. (Internett). Tilgjengeleg på http://www.trening.no/kosthold/5007.o2.html (Besøkt 28.05.2012)

Horgen, A (2010). Friluftslivsveiledning vinterstid. Høyskoleforlaget, Kristiansand.

lørdag 12. mai 2012

Kameratredning på bre: hjelpetaljemetoden



2 mai 2012 rigga B2 friluftsliv opp leir i Ringsdalen i Hurrungane. I tre dagar skulle vi ha denne campen som utgangspunkt for toppturar og redningsøvingar i området. Samme dag som vi kom fram, var været upåklageleg bra med steikande sol. Denne dagen måtte vi utnytte til topptur på Store Ringstind! Dette er ein bre-topptur, der store delar av ruta frå Ringsdalen og opp på Ringstind går på bre. Breen på Ringstind var idag ganske sikker, som den ofte er. Men ved pasasje på meir risikable brear må ein ha riktig utsyr og riktig kunnskap. Dersom ein fell ned i ein sprekk, er det viktig at resten av taulaget veit korleis dei kan utføre ein kameratredning. La oss kort og enkelt gå gjennom ein variant, hjelpetaljemetoden på snødekt bre.

Fremstemann i eit taulag på fire fell ned i ein sprekk. Dei tre andre i taulaget delar draget av den falne mellom seg. Men dette draget må dei kvitte seg med, spesielt tungt er det for andremann.

Avlasta tau ( Haslene, 2008;142)
Første steg er derfor å avlaste hovedtauet. Dette gjer andremann ved å plassere eit sikringsmiddel (snøanker, snøbolt, isøks) i snøen. Før sikringsmiddelet festast i snøen, bindast ei langslynge fast i sikringsmiddelet, med eit ankerstikk. I hovedtauet forann seg festar andremann ei klemknute. Klemknuta og langslynga i sikringsmiddelet koblast ilag via ein karabin. No kan andre, tredje og fjerdemann bevege seg så mykje framover at vekta av den falne blir overført til sikringsmiddelet (Haslene, 2008).



Kommunikasjon (Haslene, 2008;143)

Så skal den bakerste i taulaget, her fjerdemann, bevege seg fram ved klemknutegang. På hovedtauet mellom den falne og andremann festar fjerdemann ei klemknute, som blir forlenga med ei langslynge som igjen blir festa på fjerdemann. No er fjermemann sikra, og kan gå fram til brekanten og få kontakt med den falne, som i dette tilfelle er i bra form.





Nesten klar til heising (Haslene, 2008; 144)
Så skal hjelpetaljen lagast. Fjerdmann plasserar eit nytt sikringsmiddel, gjerne litt forann det sikringsmiddelet som avlastar hovedtauet. No treng vi nok tau til å lage ei bukt som går ned til den falne (Haslene, 2008). Det får vi frå ein taukveil frå enden av hovedtauet som fjerdemann har hengande rundt seg (kan og vere eit ekstra redningstau). Den frie tauenden koblast til sikringsmiddelet med ein åttetallsknute, via ein skrukarabiner. Delen av tauet som skal dras i koblast også til sikringsmiddelet ved ei klemknute. Dette for å sikre at avstanden dei drar inn ikkje sklir ut igjen. Så festast det ein skrukarabin på bukta av tauet, og så firast det ned til den falne. På kanten legg ein gjerne ein sekk som taubukta ligg over, for å unngå at tauet skjærer seg ned i snøleppa (Haslene, 20089. No kan den falne koble seg inn ved karabinen og bli heist opp igjen. Då dreg "reddarane" i delen av bukta som ikkje er festa til sikringsmiddelet. Undervegs må klemknutane på tauet dei dreg i, og på hovudtauet, regulerast (Haslene, 2008).

Dette beskriv ikkje korleis redninga gjerast, men korleis den kan gjerast. Ingen situasjon er lik, noko som krev improsvisasjon i dei fleste tilfelle. Begrensingar ved kameratredning ligg i kunnskap, erfaring, ressursar og forhold (Haslene, 2008).






Kilder:

Haslene, S (2008). Breboka. Håndbok i brevandring. DNT fjellsport, Oslo.


fredag 27. april 2012

Kartreferanse og kompasskurs




Utanom mat, drikke og godt med klær er det to ting til som alltid bør vere i sekken når ein er på tur, nemleg kart og kompass. Sjølv om ein er kjend i området, bør dette vere med. Det kan for eksempel komme tåke som gir null og ingen sikt. Då må vi gå på kompasskurs, eller oppgi korrekt beskrivelse på kor i terrenget vi befinn oss for å bli funne. 23 april la Tale, Tone og Vilde frå B2 friluftsliv ut på skitur over Hardangervidda. Vi byrja på Dyranut, gjekk via DNT hyttene Stigstuv, Sandhag og Litlos. Siste natt campa vi i Vivassdalen før vi endte opp i Røldal 27 april. Sjølv om vi fulgte kvista ruter, fulgte vi alltid med på kartet og brukte kompasset flittig. La oss sjå på korleis vi kan finne kartreferansen til punktet vi er på, og korleis ein tek ut ein kompasskurs.


Eit kart er et forminsket bilde av terrenget vi beveger oss i, sett ovenifrå (Horgen, 2010; 174) Jo meir du bruker kartet, jo meir informasjon kan du få ut av det. Det finnst ulike målestokkar. Mest brukt på tur er 1:50 000, som betyr at 1 cm på kartet i verkelegheita 500 meter. Det er kartserien M711 som er vanleg å bruke, som leverast av Statens kartverk og dekker heile landet (Horgen, 2010). Kartet er delt inn i ruter på 2 cm, det vil sei at kvar kvadratiske rute har sider som tilsvarar 1 km i terrenget. Dei vertikale linjene som lager rutene (meridianane) viser den østlege og vestlege retninga, medan dei horisontale linjene visar den nordlege og sørlege retninga . Nord er alltid øverst på kartet(Naturtips, 2012). Kvar meridian har eit tal som står på utsida av sjølve kartet. Dette talet står for kva hundrekilometermeridian vi er ved.


Viser korleis ei rute er inndelt med
hundrekm meridian og ruter som vi
delar inn i tidelar (Horgen, 2012).

Kartreferansen vi skal finne er sekssifra. På kartet finn vi ut kor vi er, f.eks på toppen av Soleibotntindane i Hurrungane (Kartblad Hurrungane 1517.4). Vi finn først øst/vest meridianen til venstre for toppen. Så ser vi på kva tal denne meridianen har, som er 35. Ruta vi befinner oss i på kartet, deler vi igjen inn i tideler. Så må vi finne ut kva tidel toppen er ved, i retning øst ( kvar tidel på kartet tilsvarar 100 meter i verkelegheita) . Svaret er 3. Dei tre første kordinatane er 353 (sjå bildeeksempel lenger nede).
Så gjer vi det samme ein gang til, berre at vi skal finne den nord/sør meridianen
som er under toppen. Vi finn meridiantalet som er 13, og tidelen som er 2. Altså, kartreferansen for Toppen av Soleibotntindane er 353 132. Husk: Alltid dei østlige kordinatane først, deretter dei nordlege. "Inn døra, opp trappa".


 Hundrekilometerrutene på utsida av kartet, og toppen
av Soleibotntindane ( Hurrungane, kartblad 1517,4)


Å kunne ta ut kompasskurs er også svært viktig. Legg kompasslinjalen (langsida av kompasset) på kartet frå plassen du er på, til plassen du skal. F.eks frå Kolnosi i Hurrungane til Hurrbak. Pass på at pila på linjalen peiker der du skal: marsjretningspila på kompasset skal alltid peike mot plassen du skal til. Så vrir du kompasshuset slik at linjene i kompassehuset er parallelle med meridianane som peiker mot nord. Obs: pila i botn av kompasset (nordpila) skal alltid peike mot nord på kartet!  Så tek du opp kompasset og held det vannrett forann deg. Vri deg så med kroppen (ikkje hendene) til den bevegelege pila øverst i kompasshuset (kompassnåla) i kompasshuset ligg parallellt med nordpila i botn av kompasshuset ( skal peike nordover). Pila på kompasslinjalen peikar no i den retningen du skal gå i (Naturtips, 2012).


Legg kompasset frå Kolnosi til Hurrbak,
og vrir kompasshuset riktig.
Vi skal ut kurs frå Kolnosi til
Hurrbak (Hurrungane, kartblad 1517,4)














Når kompassnåla ligg oppi nordpila har vi
riktig kompasskurs. No kan du gå!


Dette er berre ein enkel forklaring på grunnleggjande bruk av kart og kompass. Her krevs mykje øving og erfaring for å bli god. I tillegg er det mykje meir ein kan bruke kart og kompass til. Å peile, måle helninger og finne ut kva klokka er, er berre nokre andre eksempel på moglegheitar vi har med desse verktøya. Bruk alltid kart og kompass før, undervegs og etter turen (Naturtips, 2012). Vær alltid orientert om kvar du befinn deg til einkvar tid. Og husk, jo oftare du bruker kartet på tur, jo betre blir du :)






Kilder:


Horgen, A (2010). Friluftslivsveiledning vinterstid. Høyskoleforlaget, Kristiansand.

Hurrungane, kartblad 1517,4
Naturtips(2012). Slik bruker du kart og kompass. Navigasjon og orientering for friluftsliv, korte og lange turer. (Internett). Tilgjengeleg på http://naturtips.no/kartog.htm. (Besøkt 26.04.2012)