Viser innlegg med etiketten Naturbasert turisme. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Naturbasert turisme. Vis alle innlegg

fredag 9. november 2012

Naturbasert turisme 2



Klatring på Via ferrata i Frankrike

Når friluftlivsklassen var i Frankrike på studietur 14 - 24 oktober var undervisning i form av studenttema ein del av opplegget. Sidan klatring, vandring i canyon og via ferrata var hovudgunnane til denne reisa passa det bra å ta opp tema kring naturbasert turisme. Klassen vår budde på campingplass og deltok i aktivitetar i naturen. Dreiv vi då med naturbasert turisme?


Vandring i Canyon


Naturbasert turisme blir definert av Mehmetoglu (2007) som «opplevelser /aktiviteter som er direkte avhengig av naturen». Dette er ein alternativ form for turisme som er oppteken av vern av miljø, tek hensyn til natur og kultur og gir noko igjen til lokalbefolkninga, i motsetning til masseturismen. I tillegg skal den vere  bærekraftig, som betyr at ressursbruken skal vere i takt med notidas og framtidas behov (Mehmetoglu, 2007) Naturbasert turisme kan vere alt frå folk som reiser til Hurrungane for å gå på topptur til turistar som tek seg ein dukkert for å kjøle seg ned.




Den naturbaserte turisten skil seg frå masseturisten på fleire område, motiva er noko annleis. Ein naturturist søkjer nye opplevingar og læring, reiser til fjernare strøk, vil ha kulturell- og fysiske naturoppleving, ønskjer å bli kjend med lokalbefolkninga og legg igjen penger i lokalsamfunnet dei besøkjer (Mehmetoglu, 2007). Ifølge Tangeland (NINA, 2012) er den typiske forbrukaren ein ung mann med lang utdannining, høg inntekt, er risikovillig, medlem av ein fritidsorganisasjon og har tilgong på fritidsbolig. Dei mest populære aktivitetane er å besøke nasjonalparker, fotturar, vassbaserte aktivitetar og generelt nyte naturen (Mehmetoglu, 2007). 


Bruk av gammal bruksbåt. Kultur -og naturoppleving.

I Noreg er mesteparten av turismen dreidd kring naturen. Det totale naturturismeproduktet består av attraksjonar og miljø, fasilitetar og tjenester, overnatting, pris og image. Det spesifikke naturturismeproduktet er attraksjonar, som er den viktigaste grunnen til at personar vel eit reisemål. Attraksjonar kan vere mykje forskjelleg, men vi kan dele det opp i tre ulike kategoriar: naturbaserte attraksjonar som er basert på ulike element av naturen., kulturbaserte attraksjonar som er basert på menneskelege aktivitetar og spesielle attraksjonar som er kunstig laga (Mehmetoglu, 2007). Her er det berre å velje etter interesse!


Stimerking kan vere tilrettelegging for
 turistane og slik unngå
overflødig slitasje på jordsmonnet.

Omgrepet naturbasert turisme innheld eit stor spekter av opplevingar, produkt og aktivitetar (NINA, 2012). Kanskje det er derfor det er denne forma for turisme som veks raskast idag? Folk ønskjer å få mykje igjen for pengane, dei søkjer kvalitet og set større krav til reisa si. Det store fokuset på miljøet vårt har nok også set sit preg på denne veksten. Om vår klasse var på naturbasert reise? Ja så absolutt. Vi var avhengige av naturen for å kunne gjennomføre aktivitetane vi ønskte.


Kilder:

Mehmetoglu, M (2007). Naturbasert turisme. Fagbokforlaget, Bergen.

NINA (2012). Startside. Aktuelt. Atrikkel. Naturbasert reiseliv - Hvem kjøper hva og hvorfor (Internett). Tilgjengeleg på http://www.nina.no/Aktuelt/Artikkel/tabid/945/ArticleId/1708/Naturbasert-reiseliv-Hvem-kjoper-hva-og-hvorfor.aspx. (Besøkt 9 november 2012)

fredag 14. september 2012

Naturbasert turisme



10-13 september tilbragte B3 Friluftslivsklassen på Solund. Solund er eit flott mål for folk som vil oppleve kystkultur og opplevingar knytt til det. Bakgrunnen for denne turen var fokus på gammal båttradisjon og meir moderne kajakkpadling. Naturbasert turisme er eit læringsmoment vi skal gjennom dette semesteret, noko vi hadde undervisning i om kveldane.  Men kva meinast eigentleg med begrepet naturbasert turisme?

At folk er meir på reis idag enn før er kjendt. Som resultat av dette er det utvikla nye turismeaktiviteter (Mehmetoglu, M., Abelsen, B., 2004). Masseturisme fungerar som eit kommersielt konsern, har ofte ein stor einheit, har ein omfattande organisasjon og krev store investeringar. Alernativ turisme har ein meir heimleg industri, er ofte ei sekundær inntektskilde til ei hushaldning, er ofte familiebedrifter og krev mindre investeringar. I tillegg er det her ulike prinsipp basert på ein bærekraftig utvikling(Mehmetoglu, 2007). Naturbasert turisme tilhøyrer den siste kategorien.

I naturbasert turisme er det naturen som spelar den viktigaste rolla i reiseopplevinga. Men om naturen er primærgrunnen eller kun er ein komonent på valt turmål varierar ( Mehmetoglo, Abelsen, 2004).

 Mehmetoglu og Abelsen (2004) skriv at Valentine (2002) foreslår ein tredeling av aktivitet og oppleving innan naturbasrt turisme:

1. Opplevingar som er avhengige av naturen: her reiser turistane til ein destinasjon grunna naturen. Det kan vere økoturistar som reiser for å studere lanskap, plante-og dyreliv; eventyrsøkande på ski og fjelltur eller kulturinteresserte som søker kulturelle opplevingar i naturen (Mehmetoglu, 2007)
2. Opplevingar som er utvida av naturen: Her er ikkje naturen hovedgrunnen til at folk vel å reise til destinasjonen, men der naturen er med på å gi ein ekstra dimensjon (Mehmetoglu, Abelsen, 2004). Dette kan til dømes vere camping, klatring eller fallskjermhopping.
3.Opplevingar der naturen spelar ei tertiær rolle: Dette kan vere sol-og badeferiar. Sjølv om dette ikkje i utgangspunket blir sett på som naturbasert turisme, er denne ferietypen faktisk avhengig av naturen.

 
 
Natubasert turisme er eit svært vidt begrep, og her finst mange inndelingar og definisjonar på kva det innebærer. Ved å sjå på kor stor grad opplevingane er avhengige av naturen prøver ein å definere naturbasert turisme.Ein kan også sei at naturbasert turisme tilhøyrer masseturismen, der stadig fleire tradisjonelle turistar ønsker innslag av naturbaserte aktivitetar i ferien sin (Mehmetoglu, Abelsen, 2004). Dersom naturen er ein del av reisa er den ein form for naturbasert turisme.



Kilder:

Mehmetoglu, Memet (2007). Naturbasert turisme. Fagbokforlaget. Bergen.

Mehmetoglu, Memet., Abelsen, Birgir (2004). Markedsinformasjon om naturbaserte turister.
Landsdelsutvalget for Nord-Norge og Nord-Trøndelag, Norut NIBR Finnmark.