10-13 september tilbragte B3 Friluftslivsklassen på Solund. Solund er eit flott mål for folk som vil oppleve kystkultur og opplevingar knytt til det. Bakgrunnen for denne turen var fokus på gammal båttradisjon og meir moderne kajakkpadling. Naturbasert turisme er eit læringsmoment vi skal gjennom dette semesteret, noko vi hadde undervisning i om kveldane. Men kva meinast eigentleg med begrepet naturbasert turisme?
At folk er meir på reis idag enn før er kjendt. Som resultat av dette er det utvikla nye turismeaktiviteter (Mehmetoglu, M., Abelsen, B., 2004). Masseturisme fungerar som eit kommersielt konsern, har ofte ein stor einheit, har ein omfattande organisasjon og krev store investeringar. Alernativ turisme har ein meir heimleg industri, er ofte ei sekundær inntektskilde til ei hushaldning, er ofte familiebedrifter og krev mindre investeringar. I tillegg er det her ulike prinsipp basert på ein bærekraftig utvikling(Mehmetoglu, 2007). Naturbasert turisme tilhøyrer den siste kategorien.
I naturbasert turisme er det naturen som spelar den viktigaste rolla i reiseopplevinga. Men om naturen er primærgrunnen eller kun er ein komonent på valt turmål varierar ( Mehmetoglo, Abelsen, 2004).
Mehmetoglu og Abelsen (2004) skriv at Valentine (2002) foreslår ein tredeling av aktivitet og oppleving innan naturbasrt turisme:
1. Opplevingar som er avhengige av naturen: her reiser turistane til ein destinasjon grunna naturen. Det kan vere økoturistar som reiser for å studere lanskap, plante-og dyreliv; eventyrsøkande på ski og fjelltur eller kulturinteresserte som søker kulturelle opplevingar i naturen (Mehmetoglu, 2007)
2. Opplevingar som er utvida av naturen: Her er ikkje naturen hovedgrunnen til at folk vel å reise til destinasjonen, men der naturen er med på å gi ein ekstra dimensjon (Mehmetoglu, Abelsen, 2004). Dette kan til dømes vere camping, klatring eller fallskjermhopping.
3.Opplevingar der naturen spelar ei tertiær rolle: Dette kan vere sol-og badeferiar. Sjølv om dette ikkje i utgangspunket blir sett på som naturbasert turisme, er denne ferietypen faktisk avhengig av naturen.
Kilder:
Mehmetoglu, Memet (2007). Naturbasert turisme. Fagbokforlaget. Bergen.
Mehmetoglu, Memet., Abelsen, Birgir (2004). Markedsinformasjon om naturbaserte turister.
Landsdelsutvalget for Nord-Norge og Nord-Trøndelag, Norut NIBR Finnmark.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar