10 - 12 oktober skulle eg og Jørgen prøve oss som vegleiarar. Iløpet av desse tre dagane skulle vi ha ansvar for seks elevar frå første- og andreåret på idrettsstudiet. Vi stod for heile turopplegget ang planlegging av tur og gjennomføring. I tillegg skulle vi ha nokre læringsmål som skulle oppnås på turen. Når ein skal ha med ei gruppe på tur, ein tur som også inneheld "undervisning", er val av undersvisningsmetode viktig. Ein slik tur består av tre fasar: planleggingsfase, gjennomføringsfase og til slutt ein evalueringsfase (Priest and Gass, 2005).
Planleggingsfasen er svært viktig og kan vera avgjerande for turresultatet. Her har ein som vegleiiar stor innflytelse på undervisninga og gruppas læringsutbytte. Viktige moment er kvar og korti turen skal gjennomførast, kven skal vere med, kva ein skal gjere, korleis ein skal gjere det og kvifor (Priest and Gass, 2005). Dette kan planleggast aleine eller ilag med gruppa. Set deg gjerne personlege mål med vegleiaroppgåva, gjer deg kjend med området du skal på tur i, bevisstgjer deg læringssituasjonar og gjer deg kjend med gruppa. Dersom ein er godt forberedt gir det overskot, tryggleik og sjølvtillitt (Horgen, 2010).
Kor skal vi gå? |
I sjølve gjennomføringa av turen er det viktig å ta gode val for å fremme læring og gode opplevingar. Det er viktig å vere våken for situasjonar som kan oppstå undervegs og bruke dei der og då som eit læringsmoment. Alternativt kan ein sjølv skape situasjonar og gjere ulike endringar av opplegget. Elles er det viktig at ein som vegleiar passar på at alle trivast og har overskot, og at alle i størst mogleg grad er aktivisert (Horgen, 2010)! Som instruktør må ein også tenke over leiarstilen sin, der ein kan velje å vere autoritær, abdikatisk eller demokratisk (Priest and gass, 2005). Det beste er å kombinere desse stilane avhengig av situasjon.
Formidling av morgondagens plan slik at deltakarane er forberedt. |
For å skape bevisstgjering rundt situasjonar med læringspotensial, og vidare reflektere over kva ein lærte av dei og korleis situasjonen blei takla, er evaluering lurt. Dette kan ein gjere under kveldssamlinger der kvar enkelt får komme med sine tankar og synspunkt. Då er det viktig at vegleiar har tenkt igjennom moment som må komme fram iløpet av samtalane (Horgen, 2010). Når turen er ferdig bør ein evaluere turen samla sett. Slik kan ein igjen bli meir bevisst over det ein har vore gjennom. I tillegg er det ein utmerka måte å få fram kva som var bra med turen og kva som bør forbedrast eller endrast til neste gang.
Samle deltakarane og skape gode samtalar under høvelege forhold. |
Denne turen har vore veldig læringsrik. Vi har vore gjennom tre desse fasane fleire gonger før, men då som deltakar. Å planlegge ein tur for andre var nytt, og det skapte større bevisstheit rundt viktigheita av desse tre fasane. Sjølv følte eg og Jørgen at turen blei svært vellykka, noko også deltakarne sa under sluttevalueringa. Alltid ha ein plan klar, samstundes som ein alltid må vere klar for endringar eller impulsar. Alltid vær våken for alle situasjonar. Men det viktigaste er at alle føler seg trygg, har det bra, får gode opplevingar og sit igjen med ny lærdom!
Kilder:
Horgen, A (2010). Friluftslivsveiledning vinterstid. Høyskoleforlaget, Kristiansand.
Priest, S and Gass, M.A (2005). Effective Leadership in Adventure Programming. Human Kinetics.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar