fredag 9. november 2012

Naturbasert turisme 2



Klatring på Via ferrata i Frankrike

Når friluftlivsklassen var i Frankrike på studietur 14 - 24 oktober var undervisning i form av studenttema ein del av opplegget. Sidan klatring, vandring i canyon og via ferrata var hovudgunnane til denne reisa passa det bra å ta opp tema kring naturbasert turisme. Klassen vår budde på campingplass og deltok i aktivitetar i naturen. Dreiv vi då med naturbasert turisme?


Vandring i Canyon


Naturbasert turisme blir definert av Mehmetoglu (2007) som «opplevelser /aktiviteter som er direkte avhengig av naturen». Dette er ein alternativ form for turisme som er oppteken av vern av miljø, tek hensyn til natur og kultur og gir noko igjen til lokalbefolkninga, i motsetning til masseturismen. I tillegg skal den vere  bærekraftig, som betyr at ressursbruken skal vere i takt med notidas og framtidas behov (Mehmetoglu, 2007) Naturbasert turisme kan vere alt frå folk som reiser til Hurrungane for å gå på topptur til turistar som tek seg ein dukkert for å kjøle seg ned.




Den naturbaserte turisten skil seg frå masseturisten på fleire område, motiva er noko annleis. Ein naturturist søkjer nye opplevingar og læring, reiser til fjernare strøk, vil ha kulturell- og fysiske naturoppleving, ønskjer å bli kjend med lokalbefolkninga og legg igjen penger i lokalsamfunnet dei besøkjer (Mehmetoglu, 2007). Ifølge Tangeland (NINA, 2012) er den typiske forbrukaren ein ung mann med lang utdannining, høg inntekt, er risikovillig, medlem av ein fritidsorganisasjon og har tilgong på fritidsbolig. Dei mest populære aktivitetane er å besøke nasjonalparker, fotturar, vassbaserte aktivitetar og generelt nyte naturen (Mehmetoglu, 2007). 


Bruk av gammal bruksbåt. Kultur -og naturoppleving.

I Noreg er mesteparten av turismen dreidd kring naturen. Det totale naturturismeproduktet består av attraksjonar og miljø, fasilitetar og tjenester, overnatting, pris og image. Det spesifikke naturturismeproduktet er attraksjonar, som er den viktigaste grunnen til at personar vel eit reisemål. Attraksjonar kan vere mykje forskjelleg, men vi kan dele det opp i tre ulike kategoriar: naturbaserte attraksjonar som er basert på ulike element av naturen., kulturbaserte attraksjonar som er basert på menneskelege aktivitetar og spesielle attraksjonar som er kunstig laga (Mehmetoglu, 2007). Her er det berre å velje etter interesse!


Stimerking kan vere tilrettelegging for
 turistane og slik unngå
overflødig slitasje på jordsmonnet.

Omgrepet naturbasert turisme innheld eit stor spekter av opplevingar, produkt og aktivitetar (NINA, 2012). Kanskje det er derfor det er denne forma for turisme som veks raskast idag? Folk ønskjer å få mykje igjen for pengane, dei søkjer kvalitet og set større krav til reisa si. Det store fokuset på miljøet vårt har nok også set sit preg på denne veksten. Om vår klasse var på naturbasert reise? Ja så absolutt. Vi var avhengige av naturen for å kunne gjennomføre aktivitetane vi ønskte.


Kilder:

Mehmetoglu, M (2007). Naturbasert turisme. Fagbokforlaget, Bergen.

NINA (2012). Startside. Aktuelt. Atrikkel. Naturbasert reiseliv - Hvem kjøper hva og hvorfor (Internett). Tilgjengeleg på http://www.nina.no/Aktuelt/Artikkel/tabid/945/ArticleId/1708/Naturbasert-reiseliv-Hvem-kjoper-hva-og-hvorfor.aspx. (Besøkt 9 november 2012)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar