Viser innlegg med etiketten Bre. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bre. Vis alle innlegg

lørdag 12. mai 2012

Kameratredning på bre: hjelpetaljemetoden



2 mai 2012 rigga B2 friluftsliv opp leir i Ringsdalen i Hurrungane. I tre dagar skulle vi ha denne campen som utgangspunkt for toppturar og redningsøvingar i området. Samme dag som vi kom fram, var været upåklageleg bra med steikande sol. Denne dagen måtte vi utnytte til topptur på Store Ringstind! Dette er ein bre-topptur, der store delar av ruta frå Ringsdalen og opp på Ringstind går på bre. Breen på Ringstind var idag ganske sikker, som den ofte er. Men ved pasasje på meir risikable brear må ein ha riktig utsyr og riktig kunnskap. Dersom ein fell ned i ein sprekk, er det viktig at resten av taulaget veit korleis dei kan utføre ein kameratredning. La oss kort og enkelt gå gjennom ein variant, hjelpetaljemetoden på snødekt bre.

Fremstemann i eit taulag på fire fell ned i ein sprekk. Dei tre andre i taulaget delar draget av den falne mellom seg. Men dette draget må dei kvitte seg med, spesielt tungt er det for andremann.

Avlasta tau ( Haslene, 2008;142)
Første steg er derfor å avlaste hovedtauet. Dette gjer andremann ved å plassere eit sikringsmiddel (snøanker, snøbolt, isøks) i snøen. Før sikringsmiddelet festast i snøen, bindast ei langslynge fast i sikringsmiddelet, med eit ankerstikk. I hovedtauet forann seg festar andremann ei klemknute. Klemknuta og langslynga i sikringsmiddelet koblast ilag via ein karabin. No kan andre, tredje og fjerdemann bevege seg så mykje framover at vekta av den falne blir overført til sikringsmiddelet (Haslene, 2008).



Kommunikasjon (Haslene, 2008;143)

Så skal den bakerste i taulaget, her fjerdemann, bevege seg fram ved klemknutegang. På hovedtauet mellom den falne og andremann festar fjerdemann ei klemknute, som blir forlenga med ei langslynge som igjen blir festa på fjerdemann. No er fjermemann sikra, og kan gå fram til brekanten og få kontakt med den falne, som i dette tilfelle er i bra form.





Nesten klar til heising (Haslene, 2008; 144)
Så skal hjelpetaljen lagast. Fjerdmann plasserar eit nytt sikringsmiddel, gjerne litt forann det sikringsmiddelet som avlastar hovedtauet. No treng vi nok tau til å lage ei bukt som går ned til den falne (Haslene, 2008). Det får vi frå ein taukveil frå enden av hovedtauet som fjerdemann har hengande rundt seg (kan og vere eit ekstra redningstau). Den frie tauenden koblast til sikringsmiddelet med ein åttetallsknute, via ein skrukarabiner. Delen av tauet som skal dras i koblast også til sikringsmiddelet ved ei klemknute. Dette for å sikre at avstanden dei drar inn ikkje sklir ut igjen. Så festast det ein skrukarabin på bukta av tauet, og så firast det ned til den falne. På kanten legg ein gjerne ein sekk som taubukta ligg over, for å unngå at tauet skjærer seg ned i snøleppa (Haslene, 20089. No kan den falne koble seg inn ved karabinen og bli heist opp igjen. Då dreg "reddarane" i delen av bukta som ikkje er festa til sikringsmiddelet. Undervegs må klemknutane på tauet dei dreg i, og på hovudtauet, regulerast (Haslene, 2008).

Dette beskriv ikkje korleis redninga gjerast, men korleis den kan gjerast. Ingen situasjon er lik, noko som krev improsvisasjon i dei fleste tilfelle. Begrensingar ved kameratredning ligg i kunnskap, erfaring, ressursar og forhold (Haslene, 2008).






Kilder:

Haslene, S (2008). Breboka. Håndbok i brevandring. DNT fjellsport, Oslo.


torsdag 29. september 2011

Alpine farar: til og frå bre.

Kva er det som lokker folk til breer? Kva er det som er så spennende med store isfjell? Her er det mange svar, alt etter kven ein spør. Men eit felles svar er all mystikken, spenninga, og det usikre rundt desse fenomena. 19-23.09.11 var B2 friluftsliv ved høgskulen i Sogndal  i 5 dagar på Jostedalsbreen for breundervisning. Då fekk vi inn med teskei at all denne mystikken ikkje berre bør beundrast. Breear byr på mange alpine farar, ofte farar ein ikkje tenkjer over i det heile tatt..




Nigardsbreen
Du har kanskje aldri tenkt på det før, men ifølge boka Breboka, håndbok i brevandring, skriv Haslene (2008) at dei fleste ulykker skjer til og frå breen. Når ein skal på bre er det der dagens fokus ligg, og det er mot sjølve breen vi rettar den meste av oppmerksamheita vår til. Vi må tenke over farar og konsekvensar av moglege ulykker på sjølve breen. Av denne grunn er det lett for å gløyme at vi også skal komme oss til og frå breen ..


Du stig ut av bilen, og kan nesten ikkje vente med å kome fram til breen. Ein halvtimes gange før ein når brefronten, høres ut som ein evigheit. Du byrjar å gå, og kjem i snakk om den trivelege hytteturen forrige veke. Plutseleg sklir du på ein stein, og deiser i bakken. Steinen var ikkje noko skremande hinder, men den var sleip og glatt. Stegjerna som du holdt i hånda landa heldigvis ved sidan av steinen, og ikkje under deg. Men isøksa som du berre hadde slengt oppi sekken, klarte å skjære seg eit lite hol ut av sekken. Heldigvis var det bladet som var øvst, og ikkje piggen. Den kunne truffe deg i bakhovudet. Du reisar deg opp igjen, og festar så stegjern og isøks skikkeleg, slik som du hadde tenkt til når du kom til breen.





 








 
 
.


















Etter ein dag med mange utfordringar og flotte naturopplevingar, er det på tide å rusle tilbake til bilane. Dagen har vore lang,og det er mange trøytte hovuder og svoltne magar. Du tar med deg lærdommen frå turen inn til breen, og pakkar sekk og utstyr skikkeleg. Deretter vil du berre koma deg til bilen. Lars i gruppa er allereie byrja å gå, tydelegvis er det fleire som vil heim til dusj og middag. Du ventar på dei to siste, før de og legg avgårde. Når det kjem halveggs, ser de plutseleg at elva som de passerte om morgonen er blitt dobbel så stor. Kan det vere forsvarleg å passere den der de gjekk om morgonen? Lars som gjekk først, kan de ikkje sjå, og veit derfor ikkje kva han har gjort. Sjølv bestem de dykk for å prøve å krysse ho litt lenger oppe i lia. De kjem opp i mykje morenemateriale, noko som gjer det enklare å krysse elva. Du huskar ikkje på fallepisoden din før om dagen, og klatrar over dei sleipe steinane utan betenkning.

Bak ein stor stein, dukkar plutseleg Lars opp. Han har vrikka foten stygt, etter at han hoppa ned frå den store steinen utan å tenke på at steinen han skulle lande på var sleip og glatt.. Han hadde gløymt å ta med seg førstehjelpsutstyret sitt, og sat berre å håpa på at du og dei to andre kom til å velje same veg som han over elva. Du har huska førstehjelpsutstyr, og tek på han støttebandasje, slik at han ville klare å komme seg fram til bilen utan for mykje smerte. No går de samla resten av vegen, med tanken om at noko liknade kan skje med dei som evt ville gått bakerst. Tempoet går no veldig seint, med ein skada i gruppa. Du går bakerst i rekka, og hører plutseleg ein lyd av eit brak. Du snur deg, og ser at det kjem eit steinsprang nedover fjellet 50 meter bak dykk. Igjen har gruppa flaks på denne turen.. Du snur deg, og ser bilen i sikte. No skal det bli godt å kome heim..





Sjølvsagt er det mykje som er farlegare på bretur, enn å gå til og frå breen. I Skredboka, håndbok i brevandring, nemner bl.a Haslene (2008) farar som sprekker, isfall, været, snøblindheit, utstyrsvikt osv. Men det er så lett å gløyme at uhell også kan skje utanfor breen. Alltid tenk konsekvens. Alltid ha fokus. Aldri gjer ting halvvegs. "Turen er ikkje ferdig når toppen er nådd eller ved brekanten. Turen er først over når alle er kommet tilbake". (Haslene, 2008; 132).


Kilder:

Haslene, S (2008). Breboka. Håndbok i brevandring. Den Norske Turistforeningen, Oslo.