Viser innlegg med etiketten Jostedalsbreen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Jostedalsbreen. Vis alle innlegg

mandag 28. mai 2012

Mat på tur



Vårskitur på Jostedalsbreen i slutten av mai er noko alle med sans for ski burde gjere. 22 mai tok  b2 friluftslivsstudentane i Sogndal på seg sekken og la avgårde oppover Stordalen og Småttene, og endte opp i Gjerde 24 mai. Med varmerekordar i landet blei dette ein kanonbra tur, der Lodalskåpa var ein av toppane me gjekk innom. Men med dagsmarsjar på 10 timar er det viktig med nok mat og lett sekk. Ein slik tur krev dermed litt planlegging kring mat og ernæring.

Når ein ønskjer lettast mogleg sekk men samstundes mest mogleg enærgirik mat, er det dumt å pakke med seg eit kilo med gulerøtter. Dette gir berre stor vekt og null energi. Under ein slik tur blir energiforbruket vårt mykje større enn det vanlegvis er grunna det auka fysiske aktivitetsnivået. Då treng vi mykje energirik mat. Når ein skal pakke mat til ein slik tur, må ein ta med seg mat som veg minst mogleg samstundes som det har mest mogleg energi. I tillegg vil det vere lurt å ha med seg såkalla "maulepose" som innhelehd rask energi.

Ved måltidplanlegging må ein tenke på to ting: at den har lav vekt, og at den er enkel og rask å tilbrede (Horgen, 2010). La oss sjå på eksempel på mat:

Frukost: Havregraut. Blandt for eksempel havregryn, rosiner, linfrø, solsikkekjerner, aprikos, sukker, kanel, litt salt og tørrmelk i ein pose. Då er det berre til å tilsetje varmt vatn på tur og frukosten er klar. Her får vi ein fin samansetning av karbohydrster og byrjar dagen med eit stabilt blodsukker (Horgen, 2010). Del gjerne opp i porsjonar før tur.

Loganbrød
Lunsj: Her kan Loganbrødet anbefalast (oppskrift Loganbrød ++). Det smakar godt, samstundes som det innheheld mykje energi! Suppeposar/rett i koppen, nudlar eller potetmos og makrell funkar og fint. Uansett er det viktig å tenke over at ting gjerne kan fryse dersom det blir kaldt på natta, og ikkje vel mat som fort blir dårleg.

Middag: Dette er dagens høgdepunkt. Å kunne komme til leir og gle seg til middag er viktig. Her kan frysetørka retter som "real turmat" vere gode alternativ, men dei er ganske dyre for eit studentbudsjett. Dersom du har tid er det ingen fare med å tørke maten sin sjølv. Ellers er gryterett-posar fine. Steik gjerne kjøt på forhånd for å korte ned på tida på tur. Tilsett gjerne rikeleg med vatn i i middagen for å halde væskebalansen i hevd (Horgen, 2010).

"Maulepose": Dette er ein pose som inneheld mykje rask energi. Her er det kun smak og fantasi som set begrensingar. Bland saman sjokolade, nøtter, rosiner, tørka frukt, smågodt osv. Ha gjerne salte nøtter for slik å unnga salttap, spesielt dersom det er vårskitur der ein kanskje svettar eindel.  Denne posen har ein alltid tilgjengeleg for slik å heike tida fylle på energilagera til neste måltid. Og husk, denne går fortare tom enn ein skulle tru!

Husk alltid at ein blir svært svulten når ein er ute i frisk luft og er i mykje aktivitet. Her går det mykje meir mat enn vanleg! Dei fleste friluftslivsstudentane på denne Jostedalsbreturen blei overraska over turens energibehov. Dei fleste måtte av den grunn rasjonere på mat under turen, vi hadde med for lite. Ta alltid med litt meir enn du trur du treng! I tillegg er det ekstremt viktig å få i seg nok væske. Ein god regel er å alltid drikke litt, helst før ein eigentleg er tørst.  Ifølge Olympiatoppen skal ein drikke 2-3 liter om dagen berre for å dekke væskebehovet utanom trening ( Hollekim, 2010)! Alle vil etter litt erfaring finne ut kva som fungerar best for seg sjølv. God planlegging gir gode opplevingar!





Kilder:

Hollekim, S, M (2010). Når du er tørst kan det vere for sent. (Internett). Tilgjengeleg på http://www.trening.no/kosthold/5007.o2.html (Besøkt 28.05.2012)

Horgen, A (2010). Friluftslivsveiledning vinterstid. Høyskoleforlaget, Kristiansand.

torsdag 29. september 2011

Alpine farar: til og frå bre.

Kva er det som lokker folk til breer? Kva er det som er så spennende med store isfjell? Her er det mange svar, alt etter kven ein spør. Men eit felles svar er all mystikken, spenninga, og det usikre rundt desse fenomena. 19-23.09.11 var B2 friluftsliv ved høgskulen i Sogndal  i 5 dagar på Jostedalsbreen for breundervisning. Då fekk vi inn med teskei at all denne mystikken ikkje berre bør beundrast. Breear byr på mange alpine farar, ofte farar ein ikkje tenkjer over i det heile tatt..




Nigardsbreen
Du har kanskje aldri tenkt på det før, men ifølge boka Breboka, håndbok i brevandring, skriv Haslene (2008) at dei fleste ulykker skjer til og frå breen. Når ein skal på bre er det der dagens fokus ligg, og det er mot sjølve breen vi rettar den meste av oppmerksamheita vår til. Vi må tenke over farar og konsekvensar av moglege ulykker på sjølve breen. Av denne grunn er det lett for å gløyme at vi også skal komme oss til og frå breen ..


Du stig ut av bilen, og kan nesten ikkje vente med å kome fram til breen. Ein halvtimes gange før ein når brefronten, høres ut som ein evigheit. Du byrjar å gå, og kjem i snakk om den trivelege hytteturen forrige veke. Plutseleg sklir du på ein stein, og deiser i bakken. Steinen var ikkje noko skremande hinder, men den var sleip og glatt. Stegjerna som du holdt i hånda landa heldigvis ved sidan av steinen, og ikkje under deg. Men isøksa som du berre hadde slengt oppi sekken, klarte å skjære seg eit lite hol ut av sekken. Heldigvis var det bladet som var øvst, og ikkje piggen. Den kunne truffe deg i bakhovudet. Du reisar deg opp igjen, og festar så stegjern og isøks skikkeleg, slik som du hadde tenkt til når du kom til breen.





 








 
 
.


















Etter ein dag med mange utfordringar og flotte naturopplevingar, er det på tide å rusle tilbake til bilane. Dagen har vore lang,og det er mange trøytte hovuder og svoltne magar. Du tar med deg lærdommen frå turen inn til breen, og pakkar sekk og utstyr skikkeleg. Deretter vil du berre koma deg til bilen. Lars i gruppa er allereie byrja å gå, tydelegvis er det fleire som vil heim til dusj og middag. Du ventar på dei to siste, før de og legg avgårde. Når det kjem halveggs, ser de plutseleg at elva som de passerte om morgonen er blitt dobbel så stor. Kan det vere forsvarleg å passere den der de gjekk om morgonen? Lars som gjekk først, kan de ikkje sjå, og veit derfor ikkje kva han har gjort. Sjølv bestem de dykk for å prøve å krysse ho litt lenger oppe i lia. De kjem opp i mykje morenemateriale, noko som gjer det enklare å krysse elva. Du huskar ikkje på fallepisoden din før om dagen, og klatrar over dei sleipe steinane utan betenkning.

Bak ein stor stein, dukkar plutseleg Lars opp. Han har vrikka foten stygt, etter at han hoppa ned frå den store steinen utan å tenke på at steinen han skulle lande på var sleip og glatt.. Han hadde gløymt å ta med seg førstehjelpsutstyret sitt, og sat berre å håpa på at du og dei to andre kom til å velje same veg som han over elva. Du har huska førstehjelpsutstyr, og tek på han støttebandasje, slik at han ville klare å komme seg fram til bilen utan for mykje smerte. No går de samla resten av vegen, med tanken om at noko liknade kan skje med dei som evt ville gått bakerst. Tempoet går no veldig seint, med ein skada i gruppa. Du går bakerst i rekka, og hører plutseleg ein lyd av eit brak. Du snur deg, og ser at det kjem eit steinsprang nedover fjellet 50 meter bak dykk. Igjen har gruppa flaks på denne turen.. Du snur deg, og ser bilen i sikte. No skal det bli godt å kome heim..





Sjølvsagt er det mykje som er farlegare på bretur, enn å gå til og frå breen. I Skredboka, håndbok i brevandring, nemner bl.a Haslene (2008) farar som sprekker, isfall, været, snøblindheit, utstyrsvikt osv. Men det er så lett å gløyme at uhell også kan skje utanfor breen. Alltid tenk konsekvens. Alltid ha fokus. Aldri gjer ting halvvegs. "Turen er ikkje ferdig når toppen er nådd eller ved brekanten. Turen er først over når alle er kommet tilbake". (Haslene, 2008; 132).


Kilder:

Haslene, S (2008). Breboka. Håndbok i brevandring. Den Norske Turistforeningen, Oslo.