Eit kart er et forminsket bilde av terrenget vi beveger oss i, sett ovenifrå (Horgen, 2010; 174) Jo meir du bruker kartet, jo meir informasjon kan du få ut av det. Det finnst ulike målestokkar. Mest brukt på tur er 1:50 000, som betyr at 1 cm på kartet i verkelegheita 500 meter. Det er kartserien M711 som er vanleg å bruke, som leverast av Statens kartverk og dekker heile landet (Horgen, 2010). Kartet er delt inn i ruter på 2 cm, det vil sei at kvar kvadratiske rute har sider som tilsvarar 1 km i terrenget. Dei vertikale linjene som lager rutene (meridianane) viser den østlege og vestlege retninga, medan dei horisontale linjene visar den nordlege og sørlege retninga . Nord er alltid øverst på kartet(Naturtips, 2012). Kvar meridian har eit tal som står på utsida av sjølve kartet. Dette talet står for kva hundrekilometermeridian vi er ved.
Viser korleis ei rute er inndelt med hundrekm meridian og ruter som vi delar inn i tidelar (Horgen, 2012). |
Kartreferansen vi skal finne er sekssifra. På kartet finn vi ut kor vi er, f.eks på toppen av Soleibotntindane i Hurrungane (Kartblad Hurrungane 1517.4). Vi finn først øst/vest meridianen til venstre for toppen. Så ser vi på kva tal denne meridianen har, som er 35. Ruta vi befinner oss i på kartet, deler vi igjen inn i tideler. Så må vi finne ut kva tidel toppen er ved, i retning øst ( kvar tidel på kartet tilsvarar 100 meter i verkelegheita) . Svaret er 3. Dei tre første kordinatane er 353 (sjå bildeeksempel lenger nede).
Så gjer vi det samme ein gang til, berre at vi skal finne den nord/sør meridianen
som er under toppen. Vi finn meridiantalet som er 13, og tidelen som er 2. Altså, kartreferansen for Toppen av Soleibotntindane er 353 132. Husk: Alltid dei østlige kordinatane først, deretter dei nordlege. "Inn døra, opp trappa".
Hundrekilometerrutene på utsida av kartet, og toppen av Soleibotntindane ( Hurrungane, kartblad 1517,4) |
Å kunne ta ut kompasskurs er også svært viktig. Legg kompasslinjalen (langsida av kompasset) på kartet frå plassen du er på, til plassen du skal. F.eks frå Kolnosi i Hurrungane til Hurrbak. Pass på at pila på linjalen peiker der du skal: marsjretningspila på kompasset skal alltid peike mot plassen du skal til. Så vrir du kompasshuset slik at linjene i kompassehuset er parallelle med meridianane som peiker mot nord. Obs: pila i botn av kompasset (nordpila) skal alltid peike mot nord på kartet! Så tek du opp kompasset og held det vannrett forann deg. Vri deg så med kroppen (ikkje hendene) til den bevegelege pila øverst i kompasshuset (kompassnåla) i kompasshuset ligg parallellt med nordpila i botn av kompasshuset ( skal peike nordover). Pila på kompasslinjalen peikar no i den retningen du skal gå i (Naturtips, 2012).
Legg kompasset frå Kolnosi til Hurrbak, og vrir kompasshuset riktig. |
Vi skal ut kurs frå Kolnosi til Hurrbak (Hurrungane, kartblad 1517,4) |
Når kompassnåla ligg oppi nordpila har vi riktig kompasskurs. No kan du gå! |
Dette er berre ein enkel forklaring på grunnleggjande bruk av kart og kompass. Her krevs mykje øving og erfaring for å bli god. I tillegg er det mykje meir ein kan bruke kart og kompass til. Å peile, måle helninger og finne ut kva klokka er, er berre nokre andre eksempel på moglegheitar vi har med desse verktøya. Bruk alltid kart og kompass før, undervegs og etter turen (Naturtips, 2012). Vær alltid orientert om kvar du befinn deg til einkvar tid. Og husk, jo oftare du bruker kartet på tur, jo betre blir du :)
Kilder:
Horgen, A (2010). Friluftslivsveiledning vinterstid. Høyskoleforlaget, Kristiansand.
Hurrungane, kartblad 1517,4
Naturtips(2012). Slik bruker du kart og kompass. Navigasjon og orientering for friluftsliv, korte og lange turer. (Internett). Tilgjengeleg på http://naturtips.no/kartog.htm. (Besøkt 26.04.2012)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar