fredag 27. april 2012

Kartreferanse og kompasskurs




Utanom mat, drikke og godt med klær er det to ting til som alltid bør vere i sekken når ein er på tur, nemleg kart og kompass. Sjølv om ein er kjend i området, bør dette vere med. Det kan for eksempel komme tåke som gir null og ingen sikt. Då må vi gå på kompasskurs, eller oppgi korrekt beskrivelse på kor i terrenget vi befinn oss for å bli funne. 23 april la Tale, Tone og Vilde frå B2 friluftsliv ut på skitur over Hardangervidda. Vi byrja på Dyranut, gjekk via DNT hyttene Stigstuv, Sandhag og Litlos. Siste natt campa vi i Vivassdalen før vi endte opp i Røldal 27 april. Sjølv om vi fulgte kvista ruter, fulgte vi alltid med på kartet og brukte kompasset flittig. La oss sjå på korleis vi kan finne kartreferansen til punktet vi er på, og korleis ein tek ut ein kompasskurs.


Eit kart er et forminsket bilde av terrenget vi beveger oss i, sett ovenifrå (Horgen, 2010; 174) Jo meir du bruker kartet, jo meir informasjon kan du få ut av det. Det finnst ulike målestokkar. Mest brukt på tur er 1:50 000, som betyr at 1 cm på kartet i verkelegheita 500 meter. Det er kartserien M711 som er vanleg å bruke, som leverast av Statens kartverk og dekker heile landet (Horgen, 2010). Kartet er delt inn i ruter på 2 cm, det vil sei at kvar kvadratiske rute har sider som tilsvarar 1 km i terrenget. Dei vertikale linjene som lager rutene (meridianane) viser den østlege og vestlege retninga, medan dei horisontale linjene visar den nordlege og sørlege retninga . Nord er alltid øverst på kartet(Naturtips, 2012). Kvar meridian har eit tal som står på utsida av sjølve kartet. Dette talet står for kva hundrekilometermeridian vi er ved.


Viser korleis ei rute er inndelt med
hundrekm meridian og ruter som vi
delar inn i tidelar (Horgen, 2012).

Kartreferansen vi skal finne er sekssifra. På kartet finn vi ut kor vi er, f.eks på toppen av Soleibotntindane i Hurrungane (Kartblad Hurrungane 1517.4). Vi finn først øst/vest meridianen til venstre for toppen. Så ser vi på kva tal denne meridianen har, som er 35. Ruta vi befinner oss i på kartet, deler vi igjen inn i tideler. Så må vi finne ut kva tidel toppen er ved, i retning øst ( kvar tidel på kartet tilsvarar 100 meter i verkelegheita) . Svaret er 3. Dei tre første kordinatane er 353 (sjå bildeeksempel lenger nede).
Så gjer vi det samme ein gang til, berre at vi skal finne den nord/sør meridianen
som er under toppen. Vi finn meridiantalet som er 13, og tidelen som er 2. Altså, kartreferansen for Toppen av Soleibotntindane er 353 132. Husk: Alltid dei østlige kordinatane først, deretter dei nordlege. "Inn døra, opp trappa".


 Hundrekilometerrutene på utsida av kartet, og toppen
av Soleibotntindane ( Hurrungane, kartblad 1517,4)


Å kunne ta ut kompasskurs er også svært viktig. Legg kompasslinjalen (langsida av kompasset) på kartet frå plassen du er på, til plassen du skal. F.eks frå Kolnosi i Hurrungane til Hurrbak. Pass på at pila på linjalen peiker der du skal: marsjretningspila på kompasset skal alltid peike mot plassen du skal til. Så vrir du kompasshuset slik at linjene i kompassehuset er parallelle med meridianane som peiker mot nord. Obs: pila i botn av kompasset (nordpila) skal alltid peike mot nord på kartet!  Så tek du opp kompasset og held det vannrett forann deg. Vri deg så med kroppen (ikkje hendene) til den bevegelege pila øverst i kompasshuset (kompassnåla) i kompasshuset ligg parallellt med nordpila i botn av kompasshuset ( skal peike nordover). Pila på kompasslinjalen peikar no i den retningen du skal gå i (Naturtips, 2012).


Legg kompasset frå Kolnosi til Hurrbak,
og vrir kompasshuset riktig.
Vi skal ut kurs frå Kolnosi til
Hurrbak (Hurrungane, kartblad 1517,4)














Når kompassnåla ligg oppi nordpila har vi
riktig kompasskurs. No kan du gå!


Dette er berre ein enkel forklaring på grunnleggjande bruk av kart og kompass. Her krevs mykje øving og erfaring for å bli god. I tillegg er det mykje meir ein kan bruke kart og kompass til. Å peile, måle helninger og finne ut kva klokka er, er berre nokre andre eksempel på moglegheitar vi har med desse verktøya. Bruk alltid kart og kompass før, undervegs og etter turen (Naturtips, 2012). Vær alltid orientert om kvar du befinn deg til einkvar tid. Og husk, jo oftare du bruker kartet på tur, jo betre blir du :)






Kilder:


Horgen, A (2010). Friluftslivsveiledning vinterstid. Høyskoleforlaget, Kristiansand.

Hurrungane, kartblad 1517,4
Naturtips(2012). Slik bruker du kart og kompass. Navigasjon og orientering for friluftsliv, korte og lange turer. (Internett). Tilgjengeleg på http://naturtips.no/kartog.htm. (Besøkt 26.04.2012)





torsdag 8. mars 2012

Teikn og signalar på skredfare



B2 Friluftsliv ved HISF hadde to dagar på Vigdalsstølen i Jostdedalen 29.02- 01.03.12, der hovufokuset var skred, turval og kameratredning. Snø og skredvurdering er eit kompleks tema. Her er mange moment ein må tenkje over, og mykje kunnskap som må erfarast. Men ved å kunne nokre enkle signal som tydar på at skredfaren er tilstades, kan ein unngå å utsetje seg sjølv for fare. Nedanfor vil nokre teikn og signalar som tydar på at snødekket er ustabilt, og dermed kan gi skredfare, bli kort fortalt om. Dette er enkle teikn som alle skifararar bør kunne.


Ferske skred: Tydelegare teikn på at snødekket er ustabilt, kan ein ikkje få. Dersom du ser nyleg utløste skred, det løsnar skred medan du ser på eller om du sjølv løser ut eit skred fortel det sjølvsagt at det er stor skredfare (Landrø, 2007). Andre heng enn der skredet er gått, som har samme himmelretning, bratthet og høgde over havet bør sjåast på som like ustabile. Dersom nysnømengden er kritisk (> 30 cm) bør alle heng vurderast nøye (Landrø, 2007). Kan nemnast at skredhyppigheita i forhold til terreng er i konvekse parti på 29 %, og 27 % i djupe skar og elvegjel ( Horgen, 2010).


Vommlydar: Dette er lydar som kjem av seg sjølv, eller når vi går på snøen. Det høyrast ut som ein vommlyd eller eit lite drønn ( Landrø, 2007). Lagdelt vintersnø har ofte svak lag i snødekket. Når vi går på den øverste snøen, kan det bli så stor belastning at det svake laget lenger nede i snødekket kollapsar. Lyden kjem av at lufta i det svake og lause snølaget blir pressa ut (Landrø, 2007). Dersom dette skjer i bratte skråningar (> 30 gradar) kan dette utløse skred (Horgen, 2010). Slike samanbrot kan og vere årsaken til fjernutløsning av skred (Landrø, 2007).


Sprekker: Oppstår særleg under eller rett etter eit snøfall. Sprekker betyr at krefter som held igjen snøflaket overskridast. Spenningar i snødekket blir "slept laus", og kan få flaket til å bevege seg nedover dersom det er bratt nok (> 30 gradar) (Landrø, 2007). Kan bli forårsaka av både menneske og naturleg. Vurder sterkt å snu dersom det skyter lange sprekker!


Skispor: Det er svært vanleg å tenke at eit område er trygt å ferdast i dersom det går andre skispor der. I 90 % av skredulykker løsnar skredet når førstemann kjører inn i eit heng (Landrø, 2007). Men ein kan aldri vere heilt trygg. Det kan hende at førstemann ikkje påførte snødekket nok  belastning til å utløse eit skred. Men etterkvart som fleire kjører ned henget, får snødekket stadig meir belastning. Til slutt kan det rase ut. Så ver obs (Landrø, 2007).


Vær: Nokre alarmkombinasjonar kan vere lurt å kjenne. Store mendgder nysnø (>30 cm) og svært lave temperaturar ( under -8 gradar), fersk vindtranspotert snø på ugunstig snødekke (rim,  skare), rask og kraftig temperaturauke ved ugunstig snødekke, nysnø + fersk vindtransportert snø + ugunstig snødekke + veldig kaldt/rask temperaturstigning (Landrø, 2007). Mange skredulykke skjer under dei første dagane (1-3 dag) etter snøfall med vind. Ifølge skredforskarar er det nysnøen som har størt betydning for skredfaren. Allerede ved 10-30 cm nysnø kan det gå skred (Horgen, 2010).


Å kunne enkle signal på at snødekket er ustabilt og at det dermed er fare for skred, er berre ein liten del av det å kunne vurdere forholda. Dersom ein ferdast mykje i fjellet vinterstid, bør gå lenger i dybden. Å kjenne igjen snø, terreng, værsituasjonar og andre faktorar er gull verdt. Dersom eit heng er over fem meter og har ein brattheit frå 30 gradar og oppover, i tillegg til at forholda ikkje er superbra, kan det løsne skred.









Kilder:

Horgen, A (2010). Friluftslivsveiledning vinterstid. Høyskoleforlaget, Kristiansand.

Landrø, M (2007). Skredfare. Snøskred, risiko, redning. Fri Fly AS, Oslo.

torsdag 9. februar 2012

Frostskadar



29.01 - 03.02.12 var B2 Friluftsliv på nordisk vinterferd. Turen gjekk frå Bredstølen, over Reineskarvet og ned til Hemsedal. Vi sov i telt, og hadde dagsetappar på mellom 6-16 km. Vi holdt eit roleg tempo, for å unngå å svette og i tillegg få trene på kart, kompass og vegval. Med kuldegradar ned mot 25, kan det by på ulike utfordringar. Dette resulterte i ein del kalde kroppar, nokre forfrosne tær, og ein liten forfrysning på nasa. Det fekk meg til å lure på kva frostskadar eigentleg er, og korleis ein kan gjennkjenne ulike gradar.


Frostskadar oppstår når temperaturen i vevet på det utsatte området, synk ned mot og under frysepunktet. Allereie ved 0 gradar celcius kan dette oppstå. Varmetapet vårt blir for stort, og kroppen  klarar ikkje å produsere nok eigenvarme. Det dannast då små iskrystallar i underliggjande vev, og blodtilførselen til vevet stoppar. Ofte utildekka områder som nase, kinn, øyre, fingar og tær er spesielt utsatt grunna stor varmetapsoverflate og liten eigenvarmeprodukjson  Vi har to former for frostskadar, og det er svært viktig å kunne skilje desse frå kvarandre. Vi skil mellom overflatisk forfrysning og djup forfrysning. ( Norsk førstehjelpsråd, 2007).



Frostskadar byrjar alltid som overflatisk, og vi kan dele denne forfrysningen i to grader (NHI, 2011). Første grad byrjar med prikking, kløe og smerte. Etterkvart vil ein miste kjensla i huden, samstundes som den blir kvit som følge av stopp av blodtilførsel (NHI, 2011). Dersom huden byrjar å få små blemmer, er vi over i andre grad. Ein bør då oppsøke lege (NHI, 2011). Felles for oveflatisk forfrysning er at det kun er det ytterste hudlaget som er blitt skadd, og det går ann å bevege huden mot det underliggande vevet ( Norsk førstehjelpsråd, 2007). Skaden kan dermed varmes opp igjen på tur ved hjelp av andres kroppvarme. Unngå å gni! (Horgen, 2010). Det ein bør vere obs på er at tidlegare forfrosne områder, vil vere meir utsatte for forfrysningar seinare (Horgen, 2010).


Dersom ein ikkje får behandla den overflatiske frostskaden, vil forfrysninga gå vidare ned i musklar, sener, blodårer og nerver. Fofrysningen er blitt djup. Dersom området blir hardt, og blemmene blir fylt med blod og blir blåfiolette er vi på grad 3. Huden vil forsatt vere kvit, kald og kjenslelaus. Grad 4 er siste stopp. Då er vevet dødt, og området vil etterkvart skrumpe litt inn og bli svart og tørt (NHI, 2011). Ved djup frostskade klarar ein ikkje å bevege huden mot det underliggjande vevet. Dette skal ikkje behandlast undervegs på tur, men ein må då komme seg til sukehus snarast (Horgen, 2010). Dersom tilstanden er alvorleg, kan det resultere i amputasjon (NHI, 2011).

På kalde turar må ein altså gjere ulike tiltak for å unngå frostskadar. Sjølvsagt bør ein beskytte seg mot kulda med bekledning etter værforholda. Å holde utsatte områder tørr er viktig, fordamping av våte klær aukar varmetapet. Hold deg i aktivitet, men unngå å svette. Pass på at bl.a sko og bekledning ikkje sit for stramt, slik at det heile tida er tilstrekkeleg blodsirkulasjon i områda. Varm drikke er alltid lurt å ha tilgjengeleg. Det siste som nemnast her, er rett og slett at ein regelmessig sjekker bl.a tær dersom ein byrjar å føle litt nummenhet. Varm dei opp med ein gong! (NHI, 2011).

Overflatisk forfrysning har som regel gode prognosar, men det kan ta litt tid før forfryst område blir normalt igjen. Djup forfrysning kan gi varige skadar som vevskade, funksjonstap eller amputasjon (NHI, 2011). For behandling er det som sagt viktig å gjennkjenne dei ulike froskadane. Men ein må alltid vere forsiktig med opptining. Ikkje bruk vatn varmare enn 50 gradar, eller kraftige varmekjelder som varm luft frå bl.a bål og hårtørkar. Før høg varme kan gi brannskadar (NHI, 2011). Oppstår det forfrysning så få vedkommande i ly og tørre klær, og start oppvarming med hud (Horgen, 2010). Heldigvis blei det ingen djup forfrysning på B2 sin vintertur. Men mange i gruppa hadde numne tær ei god stund etter turen. Alltid ha frostskadar i tankane på kalde vinterturar, og førebygg best mogleg.




Kilder:

Horgen, A (2010). Friluftslivsveiledning vinterstid. Høyskoleforlaget, Kristiansand.

Norsk førstehjelsråd (2007). Førstehjelp. Gyldendal Norsk Forlag AS, Olso.

Norsk helseinformatikk (2011). Forside. Førstehjelp. Akuttmedisin. Frostskader (Internett). Tilgjengeleg på http://nhi.no/forside/forstehjelp/akuttmedisin/frostskader-23423.html. (Besøkt 8. februar, 2012)

lørdag 12. november 2011

Bål, sjusteinsovn og kokegrop i skogen






Det er november månad, og temperaturane byrjar å nærme seg null. Kanskje det byrjar å snø snart? Men det er ingenting som fortel oss at det er for seint å tilbringe fem dagar ute i skogen. 7 november dro friluftslivgjengen på B2 i Sogndal ut på tur. Vi skulle tilbringe fem dagar ute i skogen, og lære meir om grunnleggande og enkelt friluftsliv. Noko av programmet var bållaging, og lære å tilbrede mat på ulike måtar. La oss sjå på korleis vi kan eteblere ein leirplass med tanke på "sporlaus ferdsel". Deretter skal vi sjå på nokre moglegheitar for matlaging ute.





Bakkedekket fjerna, og vi
kan lage bål
Sporlaus ferdsel
Sporlaus ferdsel blir meir og meir aktuelt. Å ikkje etterlate seg synlege spor etter å ha oppholdt seg på eit område er viktig. Ta med boss vidare og rydd opp etter deg. Ved bållaging bør ein helst bruke etablerte leirplassar/bålgroper. Men dersom ein må lage ei ny bålgrop, bør ein gjere det på ein måte som gjer det enkelt å etterlate seg sporløs ferdsel. B2 gjengen etablerte ny leirplass. Vi skar ut ein stor firkant på bakken, og løfta av dette bakkedekket i heilheit. I gropa som dette etterlot seg, laga vi bål. Då vi forlot området gjømte vi steinane som var brukt til bålet, og la bakkedekket tilbake på plass. Om eit år vil ingen kunne synleg sjå at her ha vore bålplass.



Bakkedekket blir lagt tilbake på
plass når vi forlet området.
Dekket på plass. Vanskeleg
å sjå bålplassen

                            




Pizzasteiking i den varme ovnen
Sjusteinsovn
Dersom du vil bake brød, pizza eller andre matretter, kan ein lage ein sjusteinsovn. Etter å ha funne ein passande plass for bygging, må ein samle saman flate (minst 5 cm tjukke, slik at dei ikkje sprekk) og rektangulære steiner. Må ikkje nødvendigvis ha sju steiner. Så må vi bygge to kammer. Det første og nederse må vere så stort at det er plass til bålfyring inni. Det andre og øverste kammeret bør vere litt mindre, og vere mest mogleg tett. Jo mindre og tettare det er, dess betre effekt. Kammer to er sjølve ovnen, og ved å lage ei dør til den vil effekten bli best. Etter å ha fyrt i rundt ein time, vil ovnen byrje å bli klar til matlaging (Moe, 2011). Korti maten er ferdig, må ein berre følgje med på etterkvart.


Kokegrop
Ein annan måte å tilbrede f.eks kjøt på, er å lage ei kokegrop. Dette er ei urgamal matlagingteknikk, der ein kan tilbrede alt frå kjøtt, fisk, grønnsaker og brød (Brugge, Glantz og Sandell, 1999). Når ein skal lage kokegropa grev ein eit hol i bakken. Størrelsen avhenger av størrelsen på maten som skal nedi. Veggane og botn i holet skal dekkast med stein. Så skal ein lage eit bål oppi steingropa, som skal varme opp steinane. Etterkvart må ein også hive steinar oppå eller rundt bålet, for slik å varme steinar som skal ligge oppå maten. Etter å ha fyrt i ein til to timar er gropa klar. Då skal ein fjerne bål og gnister frå gropa, legge maten nedi (eks lammelår i aluminuimsfolie) og legge varme steinar oppå. All mat må vere i kontakt med varme steinar. Til slutt legg ein oppå jord og grus, slik at gropa blir tett. No skal maten ligge nedi her til den er ferdig. Grunnregelen for tid er ein time per kg kjøt (Brugge, Glantz og sandell, 1999).


Lammelår klar
i kokegropa

Ferdig lammelår.

Kokegropa dekka med
varme steinar og jord.

Sporlaus ferdsel er svært viktig. Å føle at ein ferdast i uberørt natur er fantastisk. Det er fleire enn oss sjølve å ta hensyn til. Å etterlate eit område slik vi sjølv vil finne eit område, er ein fin regel. Med hensyn til sjusteinsovn og kokegrop, kan det vere lurt å bruke allereie etablerte bålplassar. Det å lære å lage mat på andre måtar enn bruk av primus eller kun eit bål, er kjempekjekt. Ein får ei større kjensle av å kjenne og meistre naturen. Maten blir og ofte betre enn mat vi lagar heime i elektrisk ovn.


Turens meny:
Dag 1: Middag: Grønnsaksuppe med kjøttdeig og potetstappe. Pinnebrød som tilbehør.
           Dessert: Uthola appelsin fylt med browniedeig, innpakka i folie og lagt på bål.
Dag 2: Lammelår laga i kokegrop. Grønnsaker i aluminuimsfolie på bål som tilbehør.
Dag 3: Middag: Laks i folie, med grønnsaker og potetmos.
           Dessert: Pære, ingefær, sukker og kanel i folie. Vaniljekesam som tilbehør.
Dag 4: Pizza, laga i sjusteinsovn.


Ferdigsteikt browniekake
inni appelsina
Varme pærer med
vaniljekesam

  
Kilder:

Brugge, B, Glantz, M, Sandell, K (1999). Friluftslivets pedagogik. For kunskap, kansla og livskvalitet. Liber. Stockholm.

Moe, N (2011). Den naturlige skolesekken. Levert av Oslofjordens Friluftsråd. Sjusteinsovn. (Internett) Tilgjengeleg på http://www.natursekken.no/c1187998/forsok/vis.html?tid=1400068&within_tid=1399355. (Besøkt 12 november 2011)

fredag 21. oktober 2011

Nytt vennskap gjennom leik


Å reise på ein tur med ukjendte folk kan vere veldig spennande. Skuldrene blir litt høgare, og nervene får kjørt seg. 12-14 oktober tok to B3 friluftsliv studentar med seg ei gruppe på 7 elevar ut på tur. Dei fleste hadde ikkje kjendskap til dei andre i gruppa, så her var det store moglegheitar for å skaffe seg nye vener. Men korleis kan ein på best mogleg måte lause opp ei spent stemning i ei gruppe med nervøse menneske? Å bryte den første barrieren kan vere ei utfordring. Ein god ide kan då vere å setje igong ein leik. Men kva er det som gjer leiken til eit godt alternativ som isbrytar?


Lat oss byrje byrje med eit eksempel på leik, "pinneleiken". Her dannar alle deltakarene ein sirkel med ei armlengdes avstand. Ved hjelp av ein pinne (20-40 cm lang) som er spiss i eine enden, skal deltakarane forflytte seg i etterkvart vanskelege posisjonar. Pers 1 byrjar, og sender pinnen, med spissen ned, mot bakken og sidemannens føtter. Dersom pinnen blir ståande i bakken, og den andre enden treff sidemannens fot dersom  pinnen blir lagt parallelt med bakken frå ståpunktet, må vedkommande flytte foten til punktet der pinnen sto. Slik fortsett det rund i sirkelen, gang på gang. Ved berøring med hendene i bakken, eller ved fall er deltaker ute. Vinnaren er den som står igjen til slutt. Denne leiken blei brukt på turen til B3 studentane. Latteren runga høgt, og ein merka korleis samhaldet bygde seg opp. Alle blei inkludert, og fekk kjensla av å vere ein del av eit morosamt fellesskap. Leik blir av mange pedagogar beskrevet som ein utmerka metode for å tileigne seg læring. Som oftast er dette i samanheng med faglære, men vi kan og bruke leik som ein metode for å skaffe oss sosiale kontaktar.

Brattenborg og Engebretsen (2007) nemnar ulike grunnar til at leiken kan ha beydning for læring. Nokre av desse grunnane er og viktige i "å lære å kjenne" fasen. Her kan leiken blant anna skape evne til problemløysing, gi språkstimulering, kreativitet og fantasi, sjølvtillitt og sjølvbilete. I tillegg er den og ei viktig brikke i sosialiseringsprosessen.

Den anspente stemninga, usikkerheita og nervøsiteten som finnst i ei gruppe med mange ukjende menneske er stor. Dette kan skape problem for mange. Dei blir ordfattige, handlingslamma og føler seg ille til mote. Ein leik kan klare å bryte isen, og få stemninga på eit meir behageleg og naturleg nivå. Når leiken er komen igong, vil deltakarane bli meir og meir engasjert. Etterkvart som leiken tek form, vil alle gløyme nervøsitet og alvorlegheita, og heller gi seg hen til leiken. Det store usikkerheits-problemet er løyst, no byrjar alle å bli varme i trøya.

Ein leik består som oftast av bestemte reglar. Her kan deltakarane vere enige og uenige. Men det viktigaste er at det skapar samtalar, debattar og diskusjonar. Både før leiken startar, men og undervegs, vil dei fleste ha ulike meiningar om gjennomføringa. No er det skapt eit samtaleemne som alle kan delta i. Personlege erfaringar visar til det samme. Her kjem ein ofte i snakk med personar ein elles ikkje ville hatt så mykje å snakke med om. Alle blir engasjerte, og deltek aktivt.

Ein leik har mange moment. Som i "pinneleik" eksempelet, er det ikkje berre reglar det dreiar seg om. Her må ein vere kreativ og fantasifull for å klare å få ut dei andre deltakarane. Kreativitet og fantasi er ofte grunnsteinen i mykje latter og moro. Morosmane situasjonar oppstår etterkvart som ulike ting skjer. Hendingar byggjer gjerne på tidlegare hendingar. Slik får ein eit fellesskap, ved å komme på ting ilag med dei andre i gruppa.

Sjølvtillitt er ikkje det vi har mest av når vi møter ei gruppe med ukjende menneske. Men det er ei veldig viktig brikke hos alle for å føle seg komfortabel, og for å klare å ta dei første stega i det ukjendte terrenget. Berre det å meistre ein leik kan starte å gi oss litt sjølvtillitt. Her er det ikkje kvart enkelt individ på bar bakke som blir i fokus. I leikein er det individa som ein del av eit fellesskap som blir fokuset. I dette fellesskapet vil skuldrene bli senka. Slik får vi gradvis tilbake sjølvtillitten vår.

 

"I leken får problemer vinger". Dette ordtaket til Erik Lerdahl (2011) er svært forklarande på kvifor leik er ein isbrytar. Alle i ei ukjendt gruppe blir ofte litt tilbakehaldane, og føler på den spente stemninga. Dei tenker konsekvenser av sine eigne handlingar, og korleis dei framstår for resten av gruppa. Leiken manglar alle denne konsekvenstrenkinga, og inneheld ikkje den skumle alvorlegheita. Her kan ein finne fram det uredde og naturlege barnet i seg sjølv, og la lyst og glede ta over styringa. Å føle at ting er naturleg og ikke påtvunge er viktig. Gjennom leik kan ein få opplevingar ein elles ikkje ville fått, og sosialiseringsprosessen vil føles komfortabel og naturleg.


Turens meny
Dag 1: Taco. (Varma lefser og kjøttdeig i aluminiumsfolie på bål)
Dag 2: Ørret, potet og grønnsaker i aluminiumsfolie på bål.


Laksemiddag
Taco



Kilder:

Brattenborg, S og Engebretsen, B (2007). Innføring i kroppsøvingsdidaktikk. Høyskoleforlaget, Kristiansand.
Lerdahl, E (2011). Lek. Sitater (internett). Tilgjengeleg på http://www.ordtak.no/index.php?v=sitat&emne=Lek. Besøkt 15 oktober 2011.

 

torsdag 29. september 2011

Alpine farar: til og frå bre.

Kva er det som lokker folk til breer? Kva er det som er så spennende med store isfjell? Her er det mange svar, alt etter kven ein spør. Men eit felles svar er all mystikken, spenninga, og det usikre rundt desse fenomena. 19-23.09.11 var B2 friluftsliv ved høgskulen i Sogndal  i 5 dagar på Jostedalsbreen for breundervisning. Då fekk vi inn med teskei at all denne mystikken ikkje berre bør beundrast. Breear byr på mange alpine farar, ofte farar ein ikkje tenkjer over i det heile tatt..




Nigardsbreen
Du har kanskje aldri tenkt på det før, men ifølge boka Breboka, håndbok i brevandring, skriv Haslene (2008) at dei fleste ulykker skjer til og frå breen. Når ein skal på bre er det der dagens fokus ligg, og det er mot sjølve breen vi rettar den meste av oppmerksamheita vår til. Vi må tenke over farar og konsekvensar av moglege ulykker på sjølve breen. Av denne grunn er det lett for å gløyme at vi også skal komme oss til og frå breen ..


Du stig ut av bilen, og kan nesten ikkje vente med å kome fram til breen. Ein halvtimes gange før ein når brefronten, høres ut som ein evigheit. Du byrjar å gå, og kjem i snakk om den trivelege hytteturen forrige veke. Plutseleg sklir du på ein stein, og deiser i bakken. Steinen var ikkje noko skremande hinder, men den var sleip og glatt. Stegjerna som du holdt i hånda landa heldigvis ved sidan av steinen, og ikkje under deg. Men isøksa som du berre hadde slengt oppi sekken, klarte å skjære seg eit lite hol ut av sekken. Heldigvis var det bladet som var øvst, og ikkje piggen. Den kunne truffe deg i bakhovudet. Du reisar deg opp igjen, og festar så stegjern og isøks skikkeleg, slik som du hadde tenkt til når du kom til breen.





 








 
 
.


















Etter ein dag med mange utfordringar og flotte naturopplevingar, er det på tide å rusle tilbake til bilane. Dagen har vore lang,og det er mange trøytte hovuder og svoltne magar. Du tar med deg lærdommen frå turen inn til breen, og pakkar sekk og utstyr skikkeleg. Deretter vil du berre koma deg til bilen. Lars i gruppa er allereie byrja å gå, tydelegvis er det fleire som vil heim til dusj og middag. Du ventar på dei to siste, før de og legg avgårde. Når det kjem halveggs, ser de plutseleg at elva som de passerte om morgonen er blitt dobbel så stor. Kan det vere forsvarleg å passere den der de gjekk om morgonen? Lars som gjekk først, kan de ikkje sjå, og veit derfor ikkje kva han har gjort. Sjølv bestem de dykk for å prøve å krysse ho litt lenger oppe i lia. De kjem opp i mykje morenemateriale, noko som gjer det enklare å krysse elva. Du huskar ikkje på fallepisoden din før om dagen, og klatrar over dei sleipe steinane utan betenkning.

Bak ein stor stein, dukkar plutseleg Lars opp. Han har vrikka foten stygt, etter at han hoppa ned frå den store steinen utan å tenke på at steinen han skulle lande på var sleip og glatt.. Han hadde gløymt å ta med seg førstehjelpsutstyret sitt, og sat berre å håpa på at du og dei to andre kom til å velje same veg som han over elva. Du har huska førstehjelpsutstyr, og tek på han støttebandasje, slik at han ville klare å komme seg fram til bilen utan for mykje smerte. No går de samla resten av vegen, med tanken om at noko liknade kan skje med dei som evt ville gått bakerst. Tempoet går no veldig seint, med ein skada i gruppa. Du går bakerst i rekka, og hører plutseleg ein lyd av eit brak. Du snur deg, og ser at det kjem eit steinsprang nedover fjellet 50 meter bak dykk. Igjen har gruppa flaks på denne turen.. Du snur deg, og ser bilen i sikte. No skal det bli godt å kome heim..





Sjølvsagt er det mykje som er farlegare på bretur, enn å gå til og frå breen. I Skredboka, håndbok i brevandring, nemner bl.a Haslene (2008) farar som sprekker, isfall, været, snøblindheit, utstyrsvikt osv. Men det er så lett å gløyme at uhell også kan skje utanfor breen. Alltid tenk konsekvens. Alltid ha fokus. Aldri gjer ting halvvegs. "Turen er ikkje ferdig når toppen er nådd eller ved brekanten. Turen er først over når alle er kommet tilbake". (Haslene, 2008; 132).


Kilder:

Haslene, S (2008). Breboka. Håndbok i brevandring. Den Norske Turistforeningen, Oslo. 


fredag 16. september 2011

Planters bruksområder.


 



Eg har alltid elska å vere på fjellet. Vi er svært gode vener, og det har alltid vore oss to. Men då B2 friluftsliv ved Sogndal var på studietur i høgfjellet 5-10.09.11, skjedde det to ting. Eg fekk fleire vener på fjellet. Store, små, snille, gode og farlege. Det andre eg lærte, er at utnytting av venner faktisk er ganske lurt. Min nye og kjære venn blåbær fekk verkeleg gjennomgå. Den blei utnytta til frukost og lunsj kvar dag. Det er det som har fasinerte meg mest, korleis mange plantar har blitt brukt til ulike ting gjennom generasjonar. Mat, medisin, gift og godterier. Dei fleste har og gamle historiar og myter dei fortel om seg sjølv, der nokon er svært så artige! Tenkte her eg skulle dele litt av mine nye venners bruksområder. Det er så mykje å fortelje, men venner har også hemmeligheiter. Så dersom du synest det er spennande, får du sjølv komme deg ut i fjellet med floraen i hånda og snakke med blomstene. Dei fortel som oftast ivrig, dersom du kjem på besøk og tek kontakt.




Blåbær er veldig vanleg i heile Norge. Nokre bur langt under skoggrensa, der mange kan strekke seg så langt som 70-80 cm. Andre bur på snaufjellet, der forholda for høgdevekst er dårleg. Her stoppar ofte veksten på 10 cm. Dei er flinke til å finne seg til rette, men trivst best på sur og næringsfattig jord. Etter vinterens kalde tid, våknar blomstene i mai-juni. Når det nærmar seg juli-august, byrjar dei små blå å få fargen sin. Nokon får ein mørkeblå blå farge, andre blir nesten svart. Grunnen til fargeforskjellen er eit voksovertrekk, som ikkje dei svarte bæra har. Men som mennesker, alle er like inni. Det raude deilige kjøttet skiller seg godt frå det liknande bæret blokkebær, som nesten er fargelaus inni. Men uansett farge, kan alle blåbærbuskane gå gjennom sin årlige syklus i heile 20-35 år, før dei takkart for seg! (Almaas Dueskar, 2005; Kristoffersen, 2007; Møller og Christensen, 2011).


Fargestoffet til blåbær er antocyanidiner, som er blåbærets eige immunforsvar. Det beskytter bæra mot mikroorganismar. Når vi et bæra, overførast desse antocyanidene til vår kropp. Slik får vi mange helsegevinstar av å ete blåbær. Og dess sterkar blåfarge bæra har, dess meir antocyanider inneheld dei. Ein ser og tydeleg den blå fargen på tunga og hendene når et blåbær. Det eineste som er kjedeleg med dette, er dersom ein får blåbær på klær. Dette kan vere vanskeleg å fjerne. Det viktigaste er å fjerne flekkane før vi vaskar klærene i maskina. Her finnst ulike tips. Ein kan for eksempel gnikke ei sitronskive på flekken, eller helle kokande vatn over. Ved blåbær på hender og tunge, gni dei i blokkebær.
Som kjendt for mange er blåbær supersunt. Kvifor? Dei inneheld enorme mengder antioksidanter, C-vitaminer, jern, magnesium osv. Av desse grunnane er båbær bl.a ei gammal medisinplante. Dei er bl.a brukt som kur mot diare og urinveisinfeksjon, og er noko av det beste ein kan ete for å unnga hjarte-og karsjukdommar (Almaas Dueskar, 2005). Det skal og vere svært bra for synet, spesielt dersom ein er diabetikar. Alle diabetikarar får gradvis dårlegare syn. Det seiast at dersom dei et blåbær jamnt, kan det utsette denne prosessen. (Almaas Dueskar, 2005; Kristoffersen, 2007; Møller og Christensen, 2011).


Personleg har eg lagt min elsk på desse bæra. Det finnst ingen begrensningar på kva godt ein kan lage av dei. Graut, vin og pai er få eksempel. Under krigen blei dei tørka, og brukt som erstatning for rosiner (Almaas Dueskar, 2005). Det som er praktisk, er at dei modnast på ulike tidspunkt. I lavlandet modnast dei ofte tidleg. Når vi har ete opp desse, byrjar bæra på fjellet å modnast. Med andre ord, blåbær heile sommaren, og vel så det. Vil du ha blåbær
heile året, kan ein fryse dei som bær eller syltetøy.
Dette er noko eg synes er veldig spennande. Planter som kan brukast til mat. På denne høgfjellsturen hadde eg med meg havregryn til frukost, og kvar dag plukka eg blåbær som eg hadde oppi. Dette gjorde til at eg gleda meg vilt til frukost kvar dag! (Almaas Dueskar, 2005; Kristoffersen, 2007; Møller og Christensen, 2011).


Tales blåbærfrukost:

   Havregryn
   Vatn
   Blåbær
   Jordbærsyltetøy på skviseflaske
   Kokande vatn

Kok opp vatn. Imens knertar ein blåbera på tallerken, og blandar så inn syltetøyet. Rører dette godt saman, og heller så havregryna over. Dette blandast godt! Når vatnet kokar, heller ein dette over blandinga. Fyller vatn opp til kanten av havregrynblandingen. Så lar ein havregryna svelle i nokre minutt. Før ein set skeia på plass, strør ein rosiner over på toppen! Kor mykje blåbær, syltetøy og rosiner ein vil ha er opp til kvar enkelt, bestemt av smak og behag. Bon apetit!



Havre, blåbær og syltetøy-blanding
Klar til å etast, nam!














Fjelløyentrøst
Ganske vanleg i heile fjellheimen. Men sjølv om den ser søt og uskuldig ut, er den ikkje det. Den er ein halvparasitt, som snylter på røttene til andre planter. Det norske namnet kjem av at planta blei før brukt mot augesjukdommar og augeproblem. Då lagar ein urtete av planta, rensar teen og brukar det som augedropar. Mot betennelsar i munn og svelg kan urtete av øyentrøst brukast som munnskyllevæske eller gurglevann. Barn med dårleg immunforsvar kan og drikke te laga på planta, for å betre almenntilstanden. (Kristoffersen, 2007; Møller og Christensen, 2011).



Tepperot
 Har blitt brukt til å lage farge på ull. Dersom ein tilførte jern ville fargen bli sterkare. Den har også blitt brukt i folkemedisin i svært mange samanhengar. Vore brukt mot bl.a: Sår, blødingar, naseblod, diaré, blødande tannkjøtt, tannkjøttbetennelse og andre betennelsar i munn og svelg, halsinfeksjonar, magekatarr, irritabel tjukktarm, eksem, utslett, menstruasjonsproblem, utflod og sprukne lepper. Namnet kjem frå ordet tapp, som betyr propp. Dette fordi ein kunne bruke den mot diare. Ved å drikke te av tepperoten stoppa ein diaren. Som om ein sat ein propp i bakenden. (Kristoffersen, 2007; Møller og Christensen, 2011).



Groblad
Er ofte dominerande langs stiar, fordi den toler svært godt å bli tråkka på. Har bl.a blitt kalla “kvit manns plage” av indianarar, fordi den toler så mykje tråkk. I tilleg kalte indianarane den for “kvit manns fotspor”, fordi den blei teke med over Atlanteren av europearar. Planta skal elles ha fått sitt ordentlege namn fordi den skal ha ein evne til å lege sår. Baksida skal trekke ut bakteriane, medan framsida skal få såret til å gro fortare igjen. Blada kan og høstast om våren og forsommaren, og brukast i salat og grønsaksblandingar. Strimla kan dei og bakast i brød eller fungere som eit vegetarisk pålegg. Det pressast og olje av frøa, og dei kan gratinerast saman med andre grønsaker. Blomsterknappane kan etast rå eller steikt. Smaken minner om sjampinjongar. (Kristoffersen, 2007; Møller og Christensen, 2011).


Som du skjønnar finst det mange spennande bruksområde og historiar til mange små og store planter. Det er kjekt å lære blomane å kjenne på denne måten, og ikkje berre lære lukt og utsjånad. Det skjular seg mykje meir bak ein vakker fasade. Kom deg ut på tur, og bli kjendt med dei du og! Eg trudde ikkje ein fjelltur kunne gje eg meir enn den alltid har gjort, men jaggu meg..

Turens meny
Dag 1: Kyllingwinetter, potetmos og salat.
Dag 2: Fiskekaker og salat i pitabrød.
Dag 3: Toro Stroganoff gryte, med kjøttdeig og coscos.
Dag 4: Toro Bolognese gryte med kjøttdeig og potetmos.
Dag 5: Toro Pasta di Parma, med bogskinke og brokkoli.





Pasta di Parma
Bolognese
                                                                                               


Kyllingwienetter





Kilder:

Almaas Dueskar, E (2005). Elisabeths side (internett). Tilgjengeleg på http://www.dueskar.net/ . Besøkt 11 september, 2011.

Kristoffersen, T (2007). Det blomstrende fjellet. Vigmostad og Bjørke, Bergen.

Møller, K.B og Christensen, K.I (2011). Flora. Faktum.