Eg har alltid elska å vere på fjellet. Vi er svært gode vener, og det har alltid vore oss to. Men då B2 friluftsliv ved Sogndal var på studietur i høgfjellet 5-10.09.11, skjedde det to ting. Eg fekk fleire vener på fjellet. Store, små, snille, gode og farlege. Det andre eg lærte, er at utnytting av venner faktisk er ganske lurt. Min nye og kjære venn blåbær fekk verkeleg gjennomgå. Den blei utnytta til frukost og lunsj kvar dag. Det er det som har fasinerte meg mest, korleis mange plantar har blitt brukt til ulike ting gjennom generasjonar. Mat, medisin, gift og godterier. Dei fleste har og gamle historiar og myter dei fortel om seg sjølv, der nokon er svært så artige! Tenkte her eg skulle dele litt av mine nye venners bruksområder. Det er så mykje å fortelje, men venner har også hemmeligheiter. Så dersom du synest det er spennande, får du sjølv komme deg ut i fjellet med floraen i hånda og snakke med blomstene. Dei fortel som oftast ivrig, dersom du kjem på besøk og tek kontakt.
Blåbær er veldig vanleg i heile Norge. Nokre bur langt under skoggrensa, der mange kan strekke seg så langt som 70-80 cm. Andre bur på snaufjellet, der forholda for høgdevekst er dårleg. Her stoppar ofte veksten på 10 cm. Dei er flinke til å finne seg til rette, men trivst best på sur og næringsfattig jord. Etter vinterens kalde tid, våknar blomstene i mai-juni. Når det nærmar seg juli-august, byrjar dei små blå å få fargen sin. Nokon får ein mørkeblå blå farge, andre blir nesten svart. Grunnen til fargeforskjellen er eit voksovertrekk, som ikkje dei svarte bæra har. Men som mennesker, alle er like inni. Det raude deilige kjøttet skiller seg godt frå det liknande bæret blokkebær, som nesten er fargelaus inni. Men uansett farge, kan alle blåbærbuskane gå gjennom sin årlige syklus i heile 20-35 år, før dei takkart for seg! (Almaas Dueskar, 2005; Kristoffersen, 2007; Møller og Christensen, 2011).
Fargestoffet til blåbær er antocyanidiner, som er blåbærets eige immunforsvar. Det beskytter bæra mot mikroorganismar. Når vi et bæra, overførast desse antocyanidene til vår kropp. Slik får vi mange helsegevinstar av å ete blåbær. Og dess sterkar blåfarge bæra har, dess meir antocyanider inneheld dei. Ein ser og tydeleg den blå fargen på tunga og hendene når et blåbær. Det eineste som er kjedeleg med dette, er dersom ein får blåbær på klær. Dette kan vere vanskeleg å fjerne. Det viktigaste er å fjerne flekkane før vi vaskar klærene i maskina. Her finnst ulike tips. Ein kan for eksempel gnikke ei sitronskive på flekken, eller helle kokande vatn over. Ved blåbær på hender og tunge, gni dei i blokkebær.
Som kjendt for mange er blåbær supersunt. Kvifor? Dei inneheld enorme mengder antioksidanter, C-vitaminer, jern, magnesium osv. Av desse grunnane er båbær bl.a ei gammal medisinplante. Dei er bl.a brukt som kur mot diare og urinveisinfeksjon, og er noko av det beste ein kan ete for å unnga hjarte-og karsjukdommar (Almaas Dueskar, 2005). Det skal og vere svært bra for synet, spesielt dersom ein er diabetikar. Alle diabetikarar får gradvis dårlegare syn. Det seiast at dersom dei et blåbær jamnt, kan det utsette denne prosessen. (Almaas Dueskar, 2005; Kristoffersen, 2007; Møller og Christensen, 2011).
Personleg har eg lagt min elsk på desse bæra. Det finnst ingen begrensningar på kva godt ein kan lage av dei. Graut, vin og pai er få eksempel. Under krigen blei dei tørka, og brukt som erstatning for rosiner (Almaas Dueskar, 2005). Det som er praktisk, er at dei modnast på ulike tidspunkt. I lavlandet modnast dei ofte tidleg. Når vi har ete opp desse, byrjar bæra på fjellet å modnast. Med andre ord, blåbær heile sommaren, og vel så det. Vil du ha blåbær
heile året, kan ein fryse dei som bær eller syltetøy.
heile året, kan ein fryse dei som bær eller syltetøy.
Dette er noko eg synes er veldig spennande. Planter som kan brukast til mat. På denne høgfjellsturen hadde eg med meg havregryn til frukost, og kvar dag plukka eg blåbær som eg hadde oppi. Dette gjorde til at eg gleda meg vilt til frukost kvar dag! (Almaas Dueskar, 2005; Kristoffersen, 2007; Møller og Christensen, 2011).
Tales blåbærfrukost:
Havregryn
Vatn
Blåbær
Jordbærsyltetøy på skviseflaske
Kokande vatn
Kok opp vatn. Imens knertar ein blåbera på tallerken, og blandar så inn syltetøyet. Rører dette godt saman, og heller så havregryna over. Dette blandast godt! Når vatnet kokar, heller ein dette over blandinga. Fyller vatn opp til kanten av havregrynblandingen. Så lar ein havregryna svelle i nokre minutt. Før ein set skeia på plass, strør ein rosiner over på toppen! Kor mykje blåbær, syltetøy og rosiner ein vil ha er opp til kvar enkelt, bestemt av smak og behag. Bon apetit!
Havre, blåbær og syltetøy-blanding |
Klar til å etast, nam! |
Ganske vanleg i heile fjellheimen. Men sjølv om den ser søt og uskuldig ut, er den ikkje det. Den er ein halvparasitt, som snylter på røttene til andre planter. Det norske namnet kjem av at planta blei før brukt mot augesjukdommar og augeproblem. Då lagar ein urtete av planta, rensar teen og brukar det som augedropar. Mot betennelsar i munn og svelg kan urtete av øyentrøst brukast som munnskyllevæske eller gurglevann. Barn med dårleg immunforsvar kan og drikke te laga på planta, for å betre almenntilstanden. (Kristoffersen, 2007; Møller og Christensen, 2011).
Tepperot
Har blitt brukt til å lage farge på ull. Dersom ein tilførte jern ville fargen bli sterkare. Den har også blitt brukt i folkemedisin i svært mange samanhengar. Vore brukt mot bl.a: Sår, blødingar, naseblod, diaré, blødande tannkjøtt, tannkjøttbetennelse og andre betennelsar i munn og svelg, halsinfeksjonar, magekatarr, irritabel tjukktarm, eksem, utslett, menstruasjonsproblem, utflod og sprukne lepper. Namnet kjem frå ordet tapp, som betyr propp. Dette fordi ein kunne bruke den mot diare. Ved å drikke te av tepperoten stoppa ein diaren. Som om ein sat ein propp i bakenden. (Kristoffersen, 2007; Møller og Christensen, 2011).
Groblad
Er ofte dominerande langs stiar, fordi den toler svært godt å bli tråkka på. Har bl.a blitt kalla “kvit manns plage” av indianarar, fordi den toler så mykje tråkk. I tilleg kalte indianarane den for “kvit manns fotspor”, fordi den blei teke med over Atlanteren av europearar. Planta skal elles ha fått sitt ordentlege namn fordi den skal ha ein evne til å lege sår. Baksida skal trekke ut bakteriane, medan framsida skal få såret til å gro fortare igjen. Blada kan og høstast om våren og forsommaren, og brukast i salat og grønsaksblandingar. Strimla kan dei og bakast i brød eller fungere som eit vegetarisk pålegg. Det pressast og olje av frøa, og dei kan gratinerast saman med andre grønsaker. Blomsterknappane kan etast rå eller steikt. Smaken minner om sjampinjongar. (Kristoffersen, 2007; Møller og Christensen, 2011).
Som du skjønnar finst det mange spennande bruksområde og historiar til mange små og store planter. Det er kjekt å lære blomane å kjenne på denne måten, og ikkje berre lære lukt og utsjånad. Det skjular seg mykje meir bak ein vakker fasade. Kom deg ut på tur, og bli kjendt med dei du og! Eg trudde ikkje ein fjelltur kunne gje eg meir enn den alltid har gjort, men jaggu meg..
Som du skjønnar finst det mange spennande bruksområde og historiar til mange små og store planter. Det er kjekt å lære blomane å kjenne på denne måten, og ikkje berre lære lukt og utsjånad. Det skjular seg mykje meir bak ein vakker fasade. Kom deg ut på tur, og bli kjendt med dei du og! Eg trudde ikkje ein fjelltur kunne gje eg meir enn den alltid har gjort, men jaggu meg..
Turens meny
Dag 1: Kyllingwinetter, potetmos og salat.
Dag 1: Kyllingwinetter, potetmos og salat.
Dag 2: Fiskekaker og salat i pitabrød.
Dag 3: Toro Stroganoff gryte, med kjøttdeig og coscos.
Dag 4: Toro Bolognese gryte med kjøttdeig og potetmos.
Dag 4: Toro Bolognese gryte med kjøttdeig og potetmos.
Dag 5: Toro Pasta di Parma, med bogskinke og brokkoli.
Pasta di Parma |
Bolognese |
Kyllingwienetter
|
Kilder:
Almaas Dueskar, E (2005). Elisabeths side (internett). Tilgjengeleg på http://www.dueskar.net/ . Besøkt 11 september, 2011.
Kristoffersen, T (2007). Det blomstrende fjellet. Vigmostad og Bjørke, Bergen.
Møller, K.B og Christensen, K.I (2011). Flora. Faktum.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar