1-2-3, splesj! Den eine av to kanoar har kvelva. Vatnet er kaldt, men begge personane i den velta kanoen har heldigvis på seg redningsvestar og har ikkje teikn til panikk. Ein kano nummer tre står litt lenger unna og studerar hendinga. Kvifor i alle dagar hjelper dei ikkje til? Jo, for her sitter to faglærarar i friluftsliv og studerar korleis dei to kanoane med tilsaman 4 studentar gjennomfører ein planlagt kameratredning i kano. 23-25.08.11 var B2 friluftsliv i Sogndal på kanotur, for bl.a å lære kameratredning i kano, og korleis håndtere generelle ulykker.
No er det viktig at dei personane i vatnet ikkje får panikk, men klarar å tenke og fokusere på oppgåva si. I panikk kunne dei prøvd å komme seg opp i redningskanoen, noko som kunne medført endå ein kanovelt. Men sidan desse to personane har redningsvest, ligg dei rimeleg trygt i vatnet. Det som det er lurt å byrje med, er å få tak i årene. Desse er sjølvsagt viktige å ha, skal ein kunne padle seg tilbake til land. Dei leverast så til redningskanoen. Deretter må ein få snudd kanoan rett veg igjen, og samstundes tømt den for vatn.
Kano 90 graders midtskips mot redningskano. |
Kjølen opp, kano tømmes for vatn. |
Kanoen førast 90 gradars midtskips mot redningskanoen. Pers 1 i vatnet stabiliserar redningskanoen ved å henge seg fast på eine enden av redningskanoen. Pers 2 i vatnet hjelper til å løfte den kvelva kanoen opp over redningskanoen. Her skal kjølen vende opp. Etter at dette er gjort, henger han og seg fast på andre enden av redningskanoen for å gi ytterlegare stabilitet. Når kanoen er plassert over redningskano over vassflata, løfter redningspersonane kanoen eit par gongar frå kvar side for å tømme den heilt for vatn. Så kan kanoen snus, og førest på ut på vatnet igjen. Kanoen plasserast parallellt med redningskanoen. Redningspersonane tek padleårene sine, og plasserar padlebladet under kanten på yttersida av den andre kanoen. Dei legg så vekt på t-grepet i sin kano, for igjen å stabilisere. Person 1 kan så komme seg opp i kanoen igjen. Han kjem mellom dei to kanoane, tek tak i begge to og løfter seg så opp i sin eigen kano. Etterpå gjer person 2 det samme. Dei får årene sine igjen, og er endeleg på trygg "grunn". No er det berre å komme seg i land å få på seg tørre klær.
Dette var som sagt ein planlagt kanovelt, der ein hadde rimeleg bra kontroll. Men det som er viktig å huske på, er at ein aldri kan vere heilt sikker på korleis studentar vil reagere på ei slik øving. Men hos oss gjekk det svært bra denne gongen. Vi fekk alle prøvd oss i korleis vi skal gjennomføre ein kameratredning. Dette har eg sjølv gjort ein del gongar før, men det er noko ein aldri kan øve nok på. Å lese og høyre korleis det skal gjerast er ein ting. Å få gjennomføre i praksis og oppleve, alt for omega! I Kroppsleggjort kunnskap og livredning i vann, legg Trond Augestad vekt på viktigheita av dette med å erfare og prøve ut i praksis. Her fortel han at kroppsliggjort kunnskap er som ordet tilseier, ein type kunnskap som sit i kroppen når den først er lært (Augestad. 2011;1). Å få inn slike grunnleggjande ferdigheiter i kroppen, kan vere viktig for å redde liv. Med andre ord, gjer situasjonar så realistiske som mogleg, og gjennomfør slik situasjonen kan bli.
Friluftslivlæraren vår hadde med seg eit tørkle han hadde fått på førstehjelpskurset Wilderness Medicine Institute, Wilderness First Aid kursvardering, i regi NOLS . Dette illustrerar viktige moment i generelt alle redningssituasjonar. Å bl.a følge regelen STOPP kan vere svært viktig i mange situasjonar, dersom redninga skal ende positivt. Regelen gjeld som følger: S-stopp, T-tenk, O-organiser, P-planlegg, P-prioriter. To sekundar med litt planlegging, kan utgjere stor forskjell! Ved redning i vatn bør tre små tankar svirre raskt i hovudet før du hopper uti: Er personen så langt frå land at du bør bruke båt/flåte for å komme deg ut til han? Er personen så vill og stressa at du bør ta med ein forlenga arm? Og få så nokon til å ringe etter hjelp.
Odd Lennarts "innertiarar" i førstehjelpsskrinet:
- Strips/teip til kuttskadar. Kuttskadar er ved "Lennox" sin erfaring den hyppigste.
- Sterile hanskar for å beskytte seg sjølv.
- Mix mellom ibux og paracet. Mykje betre enn f.eks paralgin forte.
- Tablettar mot allergi (antihistaminer, zyrtec). Eit tips er å ha tablettane i ei gammalt compeed-eske, for å unngå evt øydeleggingar av tablettane.
- Dispril mot hjarteproblemar. Viktig at person tek det heilt med ro med inntak av tablett.
- Pyntegele, dersom nokon har diabetes og får føling.
- Epipen/adrenalinsprøyte for ekstreme situasjonar. Denne er reseptbelagt.
- Ansiktsmaske
- Sprøyte som ein kan fylle reint vatn på, for skylling av sår.
- Fyrstikker til sterilisering, f.eks pinsettar som brukast av fleire.
+ Doktorteip er og ofte lurt å ha med seg i tillegg til sportsteip. Doktorteip er ikkje så tett som sportsteipen, og er ofte betre eigna til f.eks gnagsår. Ved sportsteip kan det bli fuktig, vatn kjem ikke ut, og det blir meir "gnissing".
Ulike brennarar til matlaging.
Rødsprit: Lett antenneleg, og frys ikkje før rundt -42 gradar. Fint dersom ein har god tid. På kosetur med barn passar dette fint, f.eks til suppelaging og div. Men det er lite effektfullt. Er ein del ulykker, der bl.a mange fyller på med meir rødsprit for tidleg. Det sotar og svært mykje. Mykje sot førar igjen til mindre effekt. Eit lite tips for å minske sotinga ørlitegranne, er å blande inn litt vatn i rødspriten, med forhaldet vatn: rødsprit -> 10:90 prosent.
Parafin: Kan brukast i ganske høge kuldegradar. Men er veldig kjedeleg å få i seg parafin. Dersom ein sleikar seg på ein fing med parafin, vil ein få ekstremt magetrøbbel! Er svært viktig å vere sikker på at behaldaren er tett, og aldri pakk mat ilag med parafinbrennar! Ein må og bruke rødsprit til forvarming.
Bensin: Dette var faktisk forbudt inntil 1991. Bruker ikkje vanleg bensin, men rensa. Har eit kraftig drivstoff, ingen forvarming, fint til oppkok av vatn, bra til vintersbruk. Men er veldig brannfarleg og eksplosiv. Her må ein vite kva ein driv med. Ein del avgassar, og bråkar litt.
Gass: Veldig enkel i bruk, ingen forvarming. Men dersom det er svært kaldt, må ein "varme" gassen før den kan brukast. Dette kan gjerast f.eks ved å legge gassboksen inntil kroppen osv.
Her er det og viktig å passe på at ein kjøper riktig gassboks til riktig brennar! Gassboksane inneheld og ulike forhold av gassane propan (isopropanol) og butan. Propan tolar kulde ned til -40 gradar, butan rundt 0 gradar. Altså, dess høgare prosentinnhald av propan, dess betre eigna til vintersbruk.
Turens meny
Dag 1: Middag: Wok med kyllingstrimler (ferdisteikt på forhånd) og nudlar.
Dessert: Banan og sjokolade i folie.
Dag 2: Middag: Burger. Ferdige karbonder. Burgerbrødet laga vi sjølv, med pinnebrød-deig.
Dessert: Steikte epler med sukker og kanel, i folie.
Wok |
Stekte epler :) |
Kilder:
Augestad, T (2011). Kroppsleggjort kunnskap og livredning i vann. Norges idrettshøgskule. Oslo.
Temahefte fra Midt-Agder friluftsråd. Naturskule kano (internett). Tilgjengeleg på http://www.midtagder-friluft.no/attach?page=Filer%2FMAF+-+Kano+Temahefte.pdf. Besøkt 30 august, 2011.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar