Det er november månad, og temperaturane byrjar å nærme seg null. Kanskje det byrjar å snø snart? Men det er ingenting som fortel oss at det er for seint å tilbringe fem dagar ute i skogen. 7 november dro friluftslivgjengen på B2 i Sogndal ut på tur. Vi skulle tilbringe fem dagar ute i skogen, og lære meir om grunnleggande og enkelt friluftsliv. Noko av programmet var bållaging, og lære å tilbrede mat på ulike måtar. La oss sjå på korleis vi kan eteblere ein leirplass med tanke på "sporlaus ferdsel". Deretter skal vi sjå på nokre moglegheitar for matlaging ute.
Bakkedekket fjerna, og vi
kan lage bål |
Sporlaus ferdsel
Sporlaus ferdsel blir meir og meir aktuelt. Å ikkje etterlate seg synlege spor etter å ha oppholdt seg på eit område er viktig. Ta med boss vidare og rydd opp etter deg. Ved bållaging bør ein helst bruke etablerte leirplassar/bålgroper. Men dersom ein må lage ei ny bålgrop, bør ein gjere det på ein måte som gjer det enkelt å etterlate seg sporløs ferdsel. B2 gjengen etablerte ny leirplass. Vi skar ut ein stor firkant på bakken, og løfta av dette bakkedekket i heilheit. I gropa som dette etterlot seg, laga vi bål. Då vi forlot området gjømte vi steinane som var brukt til bålet, og la bakkedekket tilbake på plass. Om eit år vil ingen kunne synleg sjå at her ha vore bålplass.

Bakkedekket blir lagt tilbake på plass når vi forlet området. |
Dekket på plass. Vanskeleg å sjå bålplassen |
Pizzasteiking i den varme ovnen |
Sjusteinsovn
Dersom du vil bake brød, pizza eller andre matretter, kan ein lage ein sjusteinsovn. Etter å ha funne ein passande plass for bygging, må ein samle saman flate (minst 5 cm tjukke, slik at dei ikkje sprekk) og rektangulære steiner. Må ikkje nødvendigvis ha sju steiner. Så må vi bygge to kammer. Det første og nederse må vere så stort at det er plass til bålfyring inni. Det andre og øverste kammeret bør vere litt mindre, og vere mest mogleg tett. Jo mindre og tettare det er, dess betre effekt. Kammer to er sjølve ovnen, og ved å lage ei dør til den vil effekten bli best. Etter å ha fyrt i rundt ein time, vil ovnen byrje å bli klar til matlaging (Moe, 2011). Korti maten er ferdig, må ein berre følgje med på etterkvart.

Ein annan måte å tilbrede f.eks kjøt på, er å lage ei kokegrop. Dette er ei urgamal matlagingteknikk, der ein kan tilbrede alt frå kjøtt, fisk, grønnsaker og brød (Brugge, Glantz og Sandell, 1999). Når ein skal lage kokegropa grev ein eit hol i bakken. Størrelsen avhenger av størrelsen på maten som skal nedi. Veggane og botn i holet skal dekkast med stein. Så skal ein lage eit bål oppi steingropa, som skal varme opp steinane. Etterkvart må ein også hive steinar oppå eller rundt bålet, for slik å varme steinar som skal ligge oppå maten. Etter å ha fyrt i ein til to timar er gropa klar. Då skal ein fjerne bål og gnister frå gropa, legge maten nedi (eks lammelår i aluminuimsfolie) og legge varme steinar oppå. All mat må vere i kontakt med varme steinar. Til slutt legg ein oppå jord og grus, slik at gropa blir tett. No skal maten ligge nedi her til den er ferdig. Grunnregelen for tid er ein time per kg kjøt (Brugge, Glantz og sandell, 1999).
Lammelår klar i kokegropa |
Ferdig lammelår. |
Kokegropa dekka med varme steinar og jord. |
Sporlaus ferdsel er svært viktig. Å føle at ein ferdast i uberørt natur er fantastisk. Det er fleire enn oss sjølve å ta hensyn til. Å etterlate eit område slik vi sjølv vil finne eit område, er ein fin regel. Med hensyn til sjusteinsovn og kokegrop, kan det vere lurt å bruke allereie etablerte bålplassar. Det å lære å lage mat på andre måtar enn bruk av primus eller kun eit bål, er kjempekjekt. Ein får ei større kjensle av å kjenne og meistre naturen. Maten blir og ofte betre enn mat vi lagar heime i elektrisk ovn.
Turens meny:
Dag 1: Middag: Grønnsaksuppe med kjøttdeig og potetstappe. Pinnebrød som tilbehør.
Dessert: Uthola appelsin fylt med browniedeig, innpakka i folie og lagt på bål.
Dag 2: Lammelår laga i kokegrop. Grønnsaker i aluminuimsfolie på bål som tilbehør.
Dag 3: Middag: Laks i folie, med grønnsaker og potetmos.
Dessert: Pære, ingefær, sukker og kanel i folie. Vaniljekesam som tilbehør.
Dag 4: Pizza, laga i sjusteinsovn.
Ferdigsteikt browniekake inni appelsina |
Varme pærer med vaniljekesam |
Kilder:
Brugge, B, Glantz, M, Sandell, K (1999). Friluftslivets pedagogik. For kunskap, kansla og livskvalitet. Liber. Stockholm.
Brugge, B, Glantz, M, Sandell, K (1999). Friluftslivets pedagogik. For kunskap, kansla og livskvalitet. Liber. Stockholm.
Moe, N (2011). Den naturlige skolesekken. Levert av Oslofjordens Friluftsråd. Sjusteinsovn. (Internett) Tilgjengeleg på http://www.natursekken.no/c1187998/forsok/vis.html?tid=1400068&within_tid=1399355. (Besøkt 12 november 2011)