Då var eit nytt semster starta, og B3 friluftsliv er igong med faget klatring og naturbasert turisme. Veke 35 var vi på klatrefeltet Kvam i Sogndal og hadde klatreundervisning. Her fekk vi kjennskap til ulike klatreformar vi kan bruke for å komme oss opp tilrettelagte klippeveggar på. Vi fekk prøve leding ute på klippefelt med borebolta ruter og på naturleg sikra ruter. La oss sjå på kva som skil dei to ulike klatreformane.


Skillet mellom desse to klatreformane er stort. Med borebolta ruter treng ein kun kobla karabiner og tau innpå, og så er ein trygg. Ved naturleg sikra klatring skal ein setje sikringsmiddela sjølv, og må avgjere kor sikkert kvart sikringsmiddel er (Tronstad, 2005). Dette tek ofte tid og krefter, spesielt for "uerfarne". Klatring på naturleg sikra klipper krev ekstra god psyke, gode vurderingar og ferdigheitar, og eit endå større fokus på sikkerheit. Men dersom du blir god på dette utvider det klatremoglegheitane dine enormt, og du kan nesten klatre kor som helst. Dei fleste som startar klatrekarrierane sine idag byrjar på borebolta ruter. Mange ønskjer å få gode klatreferdigheitar før ein byrjar med naturleg sikring, logisk nok.
Kilder:
Grimeland, Geir (2004). En historie om klatring i Norge 1900-2000. Fagbokforlaget, Bergen.
Tronstad, Stein (2005). Innføring i klatring. Akilles, Oslo.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar