B2 Friluftsliv ved HISF hadde to dagar på Vigdalsstølen i Jostdedalen 29.02- 01.03.12, der hovufokuset var skred, turval og kameratredning. Snø og skredvurdering er eit kompleks tema. Her er mange moment ein må tenkje over, og mykje kunnskap som må erfarast. Men ved å kunne nokre enkle signal som tydar på at skredfaren er tilstades, kan ein unngå å utsetje seg sjølv for fare. Nedanfor vil nokre teikn og signalar som tydar på at snødekket er ustabilt, og dermed kan gi skredfare, bli kort fortalt om. Dette er enkle teikn som alle skifararar bør kunne.

Vommlydar: Dette er lydar som kjem av seg sjølv, eller når vi går på snøen. Det høyrast ut som ein vommlyd eller eit lite drønn ( Landrø, 2007). Lagdelt vintersnø har ofte svak lag i snødekket. Når vi går på den øverste snøen, kan det bli så stor belastning at det svake laget lenger nede i snødekket kollapsar. Lyden kjem av at lufta i det svake og lause snølaget blir pressa ut (Landrø, 2007). Dersom dette skjer i bratte skråningar (> 30 gradar) kan dette utløse skred (Horgen, 2010). Slike samanbrot kan og vere årsaken til fjernutløsning av skred (Landrø, 2007).
Skispor: Det er svært vanleg å tenke at eit område er trygt å ferdast i dersom det går andre skispor der. I 90 % av skredulykker løsnar skredet når førstemann kjører inn i eit heng (Landrø, 2007). Men ein kan aldri vere heilt trygg. Det kan hende at førstemann ikkje påførte snødekket nok belastning til å utløse eit skred. Men etterkvart som fleire kjører ned henget, får snødekket stadig meir belastning. Til slutt kan det rase ut. Så ver obs (Landrø, 2007).
Vær: Nokre alarmkombinasjonar kan vere lurt å kjenne. Store mendgder nysnø (>30 cm) og svært lave temperaturar ( under -8 gradar), fersk vindtranspotert snø på ugunstig snødekke (rim, skare), rask og kraftig temperaturauke ved ugunstig snødekke, nysnø + fersk vindtransportert snø + ugunstig snødekke + veldig kaldt/rask temperaturstigning (Landrø, 2007). Mange skredulykke skjer under dei første dagane (1-3 dag) etter snøfall med vind. Ifølge skredforskarar er det nysnøen som har størt betydning for skredfaren. Allerede ved 10-30 cm nysnø kan det gå skred (Horgen, 2010).
Å kunne enkle signal på at snødekket er ustabilt og at det dermed er fare for skred, er berre ein liten del av det å kunne vurdere forholda. Dersom ein ferdast mykje i fjellet vinterstid, bør gå lenger i dybden. Å kjenne igjen snø, terreng, værsituasjonar og andre faktorar er gull verdt. Dersom eit heng er over fem meter og har ein brattheit frå 30 gradar og oppover, i tillegg til at forholda ikkje er superbra, kan det løsne skred.
Kilder:
Horgen, A (2010). Friluftslivsveiledning vinterstid. Høyskoleforlaget, Kristiansand.
Landrø, M (2007). Skredfare. Snøskred, risiko, redning. Fri Fly AS, Oslo.