29.01 - 03.02.12 var B2 Friluftsliv på nordisk vinterferd. Turen gjekk frå Bredstølen, over Reineskarvet og ned til Hemsedal. Vi sov i telt, og hadde dagsetappar på mellom 6-16 km. Vi holdt eit roleg tempo, for å unngå å svette og i tillegg få trene på kart, kompass og vegval. Med kuldegradar ned mot 25, kan det by på ulike utfordringar. Dette resulterte i ein del kalde kroppar, nokre forfrosne tær, og ein liten forfrysning på nasa. Det fekk meg til å lure på kva frostskadar eigentleg er, og korleis ein kan gjennkjenne ulike gradar.
Frostskadar oppstår når temperaturen i vevet på det utsatte området, synk ned mot og under frysepunktet. Allereie ved 0 gradar celcius kan dette oppstå. Varmetapet vårt blir for stort, og kroppen klarar ikkje å produsere nok eigenvarme. Det dannast då små iskrystallar i underliggjande vev, og blodtilførselen til vevet stoppar. Ofte utildekka områder som nase, kinn, øyre, fingar og tær er spesielt utsatt grunna stor varmetapsoverflate og liten eigenvarmeprodukjson Vi har to former for frostskadar, og det er svært viktig å kunne skilje desse frå kvarandre. Vi skil mellom overflatisk forfrysning og djup forfrysning. ( Norsk førstehjelpsråd, 2007).


På kalde turar må ein altså gjere ulike tiltak for å unngå frostskadar. Sjølvsagt bør ein beskytte seg mot kulda med bekledning etter værforholda. Å holde utsatte områder tørr er viktig, fordamping av våte klær aukar varmetapet. Hold deg i aktivitet, men unngå å svette. Pass på at bl.a sko og bekledning ikkje sit for stramt, slik at det heile tida er tilstrekkeleg blodsirkulasjon i områda. Varm drikke er alltid lurt å ha tilgjengeleg. Det siste som nemnast her, er rett og slett at ein regelmessig sjekker bl.a tær dersom ein byrjar å føle litt nummenhet. Varm dei opp med ein gong! (NHI, 2011).
Overflatisk forfrysning har som regel gode prognosar, men det kan ta litt tid før forfryst område blir normalt igjen. Djup forfrysning kan gi varige skadar som vevskade, funksjonstap eller amputasjon (NHI, 2011). For behandling er det som sagt viktig å gjennkjenne dei ulike froskadane. Men ein må alltid vere forsiktig med opptining. Ikkje bruk vatn varmare enn 50 gradar, eller kraftige varmekjelder som varm luft frå bl.a bål og hårtørkar. Før høg varme kan gi brannskadar (NHI, 2011). Oppstår det forfrysning så få vedkommande i ly og tørre klær, og start oppvarming med hud (Horgen, 2010). Heldigvis blei det ingen djup forfrysning på B2 sin vintertur. Men mange i gruppa hadde numne tær ei god stund etter turen. Alltid ha frostskadar i tankane på kalde vinterturar, og førebygg best mogleg.
Kilder:
Horgen, A (2010). Friluftslivsveiledning vinterstid. Høyskoleforlaget, Kristiansand.
Norsk førstehjelsråd (2007). Førstehjelp. Gyldendal Norsk Forlag AS, Olso.
Norsk helseinformatikk (2011). Forside. Førstehjelp. Akuttmedisin. Frostskader (Internett). Tilgjengeleg på http://nhi.no/forside/forstehjelp/akuttmedisin/frostskader-23423.html. (Besøkt 8. februar, 2012)